Skuleelevar gir eit dags arbeid til unge frå Sør-Sudan


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eitt av måla er å gi ungdom mellom 13 og 19 år eit trygt fellesskap etter opplevingar som valdtekt og drap.
Det er Elevorganisasjonen som arrangerer dagen og har valt formålet.
Prosjektet er kalla «Livsmestring og utdanning», og blir gjennomført i samarbeid med Strømmestiftelsen og dei lokale kontaktane deira i Uganda.
- Les også: Difor er internett #BlueForSudan
Over ein million har flykta

Leiar Sunniva Marie Roligheten. Foto: OD-dagen
Over 1 million menneske har flykta frå krigen i Sør-Sudan til Uganda. Mange unge har opplevd drap, mishandling og voldtekt.
I prosjektskildringa står det mellom anna at ungdom mellom 13 og 19 år skal få eit trygt fellesskap, traumebehandling og skule- og yrkesopplæring, gjennom livsmeistrings-grupper.
– Det er på høg tid at situasjonen til ungdom i flyktningleirane i Uganda får merksemd, og eg gleder meg til å sjå kva norske og sørsudanske ungdommar kan få til saman, seier OD-leiar Sunniva Roligheten.
Gode resultat tidlegare

Kristine Storesletten Sødal. Foto: Strømmestiftelsen
Generalsekretær i Strømmestiftelsen Tina Sødal seier i ei pressemelding at liknande samarbeid for ungdomsgrupper i Nepal og Bangladesh har ført til store ringverknader for ungdommane og lokalsamfunnet.
– Vi ser fram til at fleire ungdom skal få utdanning, yrkesopplæring og traumebehandling, seier ho.
Årets OD-dag blir arrangert på skular over heile Noreg 29. oktober.