Framtida.no søkjer Operasjon Dagsverk-journalist

31. oktober tek Framtida.no imot to elevar under årets Operasjon Dagsverk. Er du den me leitar etter?

Framtida
Publisert

Drøymer du å prøva deg som journalist? Synest du det er kjekt å skriva, ta bilete eller leika deg i sosiale medium?

Framtida.no er ei nynorsk nettavis for unge i alderen 15–25 år, som har som mål å løfta og styrka engasjementet til unge.

Me har kontor sentralt i Oslo, og tek gjerne imot to elevar under årets Operasjon Dagsverk torsdag 31. oktober 2024.

Me vil tilpassa dagen slik at de får prøva dykk på noko de synest er spanande, med god rettleiing frå ein journalist.

Oppgåver du kan prøva deg på:

  • Gjennomføra og skriva eit intervju
  • Ta bilete
  • Skriva eit meiningsinnlegg om ei sak du brenn for
  • Skriva ei liste med tips til gode filmar/seriar/spel/bøker/musikk eller anna du er engasjert i
  • Laga innhald til sosiale medium som Instagram eller TikTok

Både elevar på ungdomsskulen og vidaregåande skule kan søkja. Du treng ikkje skriva perfekt nynorsk. Det viktigaste er at du er interessert og engasjert i media og det som skjer i samfunnet.

Me ser etter ein kreativ person som har lyst å læra meir om media, og ikkje er redd for å stilla spørsmål og prøva seg fram.

Send inn ein enkel søknad til redaktør Andrea Rygg Nøttveit på e-post: andrea@framtida.no innan 16. oktober 2024

Skriv litt om deg sjølv (namn, alder, skule og klassetrinn), kva du er interessert i, eventuelle hobbyar og organisasjonar du er medlem i, og eventuell relevant arbeidserfaring.