215,7 millionar til årets TV-aksjon
TV-aksjonen hadde måndag morgon samla inn 215,7 millionar til Verdsnaturfondet (WWF) og arbeidet deira mot plast i havet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette har vore eit annleis-år på alle måtar. Eg er utruleg takksam for alle som har bidrege i kampen for å ta vare på havet og menneska som er avhengige av det, seier generalsekretær Karoline Andaur i WWF, i ei pressemelding.
Nesten ein firedel av pengane kjem frå regjeringa, som søndag kveld opplyste at dei løyver 50 millionar kroner til TV-aksjonen.
- Les også: WWF får TV-aksjonen for 2020
Litt mindre enn i fjor
– Dette er ei viktig sak som vi har jobba mykje med dei siste åra, sa statsministeren då ho deltok i NRK-sendinga søndag kveld.
Solberg peika på at engasjementet for saka er stort blant den yngre generasjonen i Noreg.
– Dei fleste breva eg får frå barn, dreier seg om plast i havet, røpte ho.
Det har vore knytt stor spenning til kor mykje årets aksjon vil samle inn. Ved 6-tida måndag morgon var det samla inn 215,7 millionar kroner.
I fjor samla TV-aksjonen inn 240,5 millionar kroner til Cares arbeid for kvinners rettar. Det utgjer 40,34 kroner per innbyggjar.
Bøsseberarane heldt seg heime
På grunn av koronapandemien var årets aksjon av det heildigitale slaget, noko som er første gong. Dermed var det i år digitale bøsseberarar, og ingen som banka på dører.
Leiar for TV-aksjonen Vibecke Østby meiner aksjonen likevel har klart å mobilisere det norske folket og å samle nasjonen.
– Sjølv om vi ikkje har kunna møtast fysisk på døra til kvarandre, har TV-aksjonen også i år samla nasjonen til ein dugnad for fellesskap og solidaritet med menneske i sårbare livssituasjonar, seier ho.
Fuglefjell i plast
Aksjonen har vore omstridd, og ifølgje WWF har 32 kommunar sagt at dei ikkje stiller opp. Det er fleire ulike grunnar til at kommunane ikkje vil delta, men mange oppgir at dei er usamde med WWF i deira standpunkt i ulvespørsmålet.
Ifølgje NRK har 23 av desse kommunane mykje ulv. I desse kommunane var òg den totale givargleda meir enn halvert samanlikna med i 2019, ifølgje kanalen.
Det er fleire dagar sidan dei første kronene byrja å rulle inn, og allereie fredag hadde WWF fått inn meir enn 39 millionar kroner til saka.
Dette bildet tok NTBs fotograf @heiko_NTB da jeg besøkte Runde fuglefjell i Herøy i 2019. Det eksemplifiserer godt hvordan plast i havet ødelegger og dreper naturen. Det kan vi ikke akseptere. Vi må rydde opp. Hele verden må være med. Støtt TV-aksjonen og kampen mot plast i havet pic.twitter.com/SA46cA547G
— Erna Solberg (@erna_solberg) October 18, 2020
Søndag kveld delte statsministeren eit bilete frå Runde fuglefjell i Herøy som viser eit fuglereir bygd av plast.
«Det eksemplifiserer godt hvordan plast i havet ødelegger og dreper naturen. Det kan vi ikke akseptere», tvitrar Solberg, som oppmoda folk til å støtte WWF.
- Les også listesaka: Desse stunta hugsar vi best frå P3-aksjonen gjennom tidene