Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Visste du at det har vore afrikanarar i Noreg i 400 år, eller at Noreg som stat er saksøkt for slavehandel i eit internasjonalt søksmål? Dei færraste veit det. Vi har heller ikkje hatt noko medvit om oss sjølv som ein afrikansk diaspora, seier Ida Evita de Leon.

Ho er ein av initiativtakarane bak Black History Month Norway, som i år vert arrangert for andre gong.

Ifølgje Store norske leksikon var diaspora opprinneleg eit omgrep på korleis jødane spreidde seg blant andre nasjonar, men det vert i dag også brukt om andre folkegrupper som bur fjernt frå sine opprinnelege heimland, held saman og pleier sin opprinnelege kultur.

Europeisk samarbeid

Ida Evita de Leon. Foto: Sara Angelica Spilling – The good SPC

Det er Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD) som står bak det no årlege arrangementet. Målet er å få offentleg støtte til å drifte tiltaket fast, fordi dei meiner Noreg treng ein Black History Month Norway.

– Me er også i gang med å starte opp eit europeisk samarbeid med Italia, Belgia og forhåpentlegvis fleire av dei Europeiske Black History Months-a, fortel de Leon i ein e-post til framtida.no.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Black History Month Norway (@bhmnorway)

Viktig med førebilete

Organisasjonen sitt arbeid er inspirert av grunnleggjaren bak Black History Month, amerikanske Carter G. Woodson (1875-1950).

– Dei som ikkje har noko oversikt over kva forfedrane har oppnådd, mister inspirasjonen som kjem frå å læra om biografi og historie, har den amerikanske historikaren sagt.

– Vi meiner det same som Woodson. Det er viktig å sjå førebilete som liknar ein sjølv, det er viktig å synleggjere svarte sine bidrag inn i verdshistoria, fortel de Leon.

Det er mykje som står på programmet denne månaden. Kvar sundag fram til 11. november skal dei mellom anna lansera ein episode av nett-serien Svart representasjon.

Serien har mål om å fremje ulike perspektiv og mangfaldet som finst blant svarte i Noreg.

Skulesamarbeid

Dei markerer månaden fordi dei vil dokumentere, nedfelle og framje norsk svart historie, for å sjå førebilete som liknar ein sjølv, redusere fordommar og stereotypiar (både interne og eksterne), ta eigarskap over eige narrativ og historie og feire det positive.

I tillegg til dei offentlege arrangementa, har dei også etablert eit samarbeid med 4. klasse på Tøyen skole. Dette er ein pilot for å kunne utvida dette i 2021 og åra som kjem.

– Fokuset er å heidre svarte førebilete. Me trur at interne og eksterne fordommar vert redusert ved å fremje førebilete av afrikansk opprinning, fortel de Leon som legg til at fleire skular har ynskja eit slikt tilbod, men at dei ikkje har kapasitet fordi dei primært er drifta av frivillige.

Nasjonalbiblioteket med på markeringa

På lokalhistoriewiki.no, drive av Nasjonalbiblioteket, er denne månadens dugnad også inneber å samla inn tidleg, norsk, svart historie. Ifølgje dei går arbeidet bra.

– Det er viktig å påpeike at BHM for oss er del av ei breiare satsing på mangfald og representativitet som me har hatt eit spesielt fokus på i helie år – og som me også har jobba med tidlegare år, fortel seksjonsleiar for bøker og språk i Nasjonalbiblioteket, Jens-Morten Hanssen, i ein e-post til framtida.no.

I heile år har dei arbeidd med å kartleggja materialet i samlinga som kan knyttast til Noregs svarte historie, og hatt fokus på å fylle hóla i samlinga. Dette er noko dei vil halda fram med.

VIDEO: Michelle Tisdel om den afrikanske diaspora i Nasjonalbiblioteket.

Michelle Tisdel er sosialantropolog og forskningsbibliotekar, og har jobba mykje med dette arbeidet.

Ho fortel i ein e-post til framtida.no at «svart historie» kan sjåast på ulike måtar og spenner alt frå Afrikas pre-koloniale historie til europeisk imperialisme, kampen for sjølvstende og vår tids migrasjonsprosessar.

– Mange aspekt ved denne historia er dokumentert i samlinga, men ofte ikkje frå kontinentet og målgruppene sine perspektiv.

Vil sikre nyare historie

Også Nasjonalbiblioteket tek del i markeringa denne månaden, som vertskap for opningsarrangementet, to fagseminar knytta til «svart historie» i Noreg, og eit ekstra fokus på temaet i den redaksjonelle formidlinga på nb.no og i sosiale medium.

Framover vil dei jobba endå meir for å sikra trykksaker som reflekterer norsk-afrikanske perspektiv og deltaking frå nyare historie. I tillegg samarbeider dei med ulike organisasjonar med tilknytning til borgarretts- og antirasismerørsler i Noreg, for å samle kilder som ikkje har blitt avlevert av ulike grunnar.

Foto frå den norske Black history month. Foto: Alier Ajak