Har du høyrt om Juneteenth? 19. juni feirar amerikanarar slutten på slaveriet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 19.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppdatering 19. juni 2023: Denne saka vart skriven i 2020. Sidan då har både Nord-Dakota, Sør-Dakota og Hawaii anerkjent Juneteenth som ein viktig dag. I Sør-Dakota er det no ein offisiell merkedag.

– Lat oss seia at A er kvit og B er svart. Det er farge, så har den lysare rett til å slavebinda den mørkare? Pass deg. Etter denne regelen kan du bli slave for den første mannen du møter som har lysare hud enn din eigen.

Det republikanaren Abraham L. Lincoln i ein tale i Peoria, Illinois, 16. oktober 1854.

Beskjeden som ikkje kom fram

Den mørke slavehistoria til USA starta over 200 år tidlegare, i 1619. Då kom eit skip med rundt tjue afrikanarar som var fanga på kontinentet til Virginia, der dei vart haldne som slavar.

USAs 16. president meinte slaveriet var moralsk forkasteleg og at afroamerikanarar måtte få stemmerett, noko dei først fekk i 1870, fem år etter hans død.

22. september 1862 signerte Lincoln ein presidentordre for å få slutt på slaveriet i landet. Ordren tredde i kraft 1. januar 1862, men for mange var det framleis ikkje over.

I juni 2014 vart borgarkrigen gjenskapt av Lt. James Hayes (til venstre), Samuel Stephenson og Marvin-Alonzo Greer under ei Juneteenth-markering arrangert av borgarkrigsmuseet i Atlanta. Foto: Kent D. Johnson/Atlanta Journal-Constitution via AP, File

Den nordamerikanske generalen Gordon Granger var den som kom med beskjeden til Galveston, Texas, om at slaveriet var avskaffa. Foto: Mathew Brady

På den tida herja den amerikanske borgarkrigen mellom nord- og sørstatane, noko som forlenga slaveriet.

19. juni 1865 – først to og eit halvt år etter dei var frigjevne – kom general Gordon Granger ridande med sendebod til Galveston i Texas og fortalde ei gruppe menn der at dei ikkje lenger var slavebundne.

Allereie året etter byrja svarte amerikanarar å feira frigjeringa Juneteenth med mat, sang og salmevers, men framleis er dagen ukjent for mange.

Foto frå den norske Black history month. Foto: Alier Ajak

The 13th amendment

I januar 1865 stemte også den amerikanske kongressen gjennom ein ny paragraf i grunnlova, som seier at slaveri er ulovleg.

Den 13. paragrafen i den amerikanske grunnlova er omstridd fordi ho likevel opnar for slaveri og tvangsarbeid dersom ein er dømt for kriminalitet, noko som mange ser som moderne slaveri.

I åra som følgde byrja statar som Alabama, Texas, Louisiana, Arkansas, Georgia, Mississippi og Florida å leiga ut fangar som billeg arbeidskraft.

Tvangsarbeid er framleis vanleg i mange amerikanske fengsel, som regel får dei innsette litt betalt for arbeidet.

Texas, som har sett innsette til å sy munnbind under koronakrisa, er eit døme på ein av fire statar som ikkje lønar dei innsette for arbeidet. Betalinga for arbeidet dei gjer går til kost og losji, i tillegg kan dei bruka det til å “nedbetala” soninga si. Dei andre statane er Georgia, Arkansas og Alabama.

Desse fangane vart leigd ut til tømmerarbeid i Florida i 1915. Foto: Ukjent

Offisiell merkedag i Virginia

I 1980 vart Texas første staten som gjorde det til ein offisiell merkedag. No anerkjenner 46 av dei amerikanske statane i USA Juneteenth som ein merkedag, men Hawaii, Nord-Dakota, Sør-Dakota og Montana har ikkje slengt seg på.

Sist ute er staten Virginia, som for berre nokre dagar sidan, annonserte at dei vil gjera Juneteenth til ein offisiell merkedag.

På pressekonferansen deltok òg superstjerna Pharrell Williams, som gledde seg over nyheita.

– Frå denne augneblinken av, når du ser opp på den fjerne nattehimmelen og du ser stjernene som beveger seg der, vit at det er våre afrikanske forferdar som dansar. Dei dansar fordi liva deira endeleg vert anerkjent, sa Williams.

På sikt kan Juneteenth også verte ein nasjonal merkedag i USA, i alle fall om demokraten Sheila Jackson Lee får det som ho vil.

– Eg kan ikkje sjå føre meg at denne nasjonen kan reise seg etter den enorme og gjennomborande verknaden av rase, rasisme og slaverihistoria utan å offisielt anerkjenna ein dag i nasjonens historie som verkeleg representerer friheit og sjølvstende for dei som bar byrda av slaveriet, seier ho til HuffPost.