Studentar som dreg på utveksling, bryt ikkje UDs reiseråd

Kunnskapsdepartementet klargjer at utvekslingsopphald i utlandet for studentar blir sett på som nødvendige reiser og bryt dermed ikkje med UDs reiseråd.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Departementet viser til at ei av hovudgrunngivingane for UDs reiseråd er å unngå at reisande tek med seg smitte frå utlandet og heim til Noreg.

– Studentar som reiser ut for eit lengre opphald, utgjer i så måte liten risiko. Også kortare studieopphald i utlandet (til dømes praksismobilitet, feltarbeid e.l.) blir sett på som nødvendige reiser, såframt det er ein integrert og definert del av utdanninga, skriv departementet i eit brev.

Brevet kjem etter Kunnskapsdepartementet har oppfatta at det er behov for ei tydeleggjering om dette.

Presiseringa skal ikkje tolkast dit at studentar skal føle seg pressa til å reise på utveksling.

Emilie Hansen vart verande i Barcelona, sjølv etter all undervisning vart digital og alle vart sette i karantene. Foto: Privat