Historisk skulding frå regjeringa om alvorleg russisk dataangrep

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det vekte oppsikt då utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) tysdag gjekk ut med ei offentleg skulding om at det var Russland som stod bak dataangrepet mot Stortinget i sommar.

Den same skuldinga vart formidla vidare til den russiske ambassaden, som var kalla inn på teppet i Utanriksdepartementet tidlegare tysdag.

– Det er viktig for oss å halde Russland ansvarlege, det er fordi denne typen hending er uforsvarleg, seier Søreide til pressa utanfor UD.

Ho understreka at det var første gong Noreg gjekk ut med ein såkalla attribusjon, som på det diplomatiske fagspråket betyr å plassere skuld.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide møter pressa utanfor utanriksdepartementet i samband med at regjeringa meiner at Russland står bak datainnbrotet mot Stortinget. Foto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK

PST vil ikkje peike på Russland no

Det gjer regjeringa sjølv om Politiets tryggingsteneste ikkje har konkludert i etterforskinga si. PST vil ikkje peike på Russland førebels, seier kommunikasjonsdirektør Trond Hugubakken til NTB.

– Etterforskinga og ein såkalla attribusjon har ulike formål. Dette er noko vi bruker når vi med stor grad av sannsyn kan seie at det er eit land eller ein aktør som står bak, seier Søreide.

PST vil derimot ikkje seie noko om kvar dei står i etterforskinga.

– Det er fleire andre enn oss som gir regjeringa informasjon i denne saka, så kva dei byggjer skuldinga på, må de nesten spørje regjeringa om. Vi etterforskar saka, og etterforskinga går føre seg uavhengig av det som har komme frå regjeringa her, seier Hugubakken.

Kommunikasjonsdirektør i PST Trond Hugubakken vil ikkje peike på Russland i den noverande fasen av etterforskinga av dataangrepet. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Vil ha eit pragmatisk forhold

Han vil ikkje svare på om PST etterforskar andre moglegheiter enn at det var Russland som stod bak angrepet.

– Kor sikker er du på at det er Russland som stod bak?

– Det informasjonsgrunnlaget vi har, som er basert på analysar og samanstilling som tryggingstenestene våre har gjort, det er tydeleg og det er grunnen til at vi har gått ut som vi har gjort i dag, seier utanriksministeren til NTB.

– Korleis påverkar dette forholdet til Russland?

– Vi ønskjer å ha eit pragmatisk og godt forhold til Russland, men vi kan samtidig ikkje la vere å reagere når angrep treffer Stortinget og dei viktige, demokratiske interessene som Stortinget representerer, seier Søreide.

Offentleg smekk på fingrane

Utanriksministeren ville ikkje svare direkte på om Noreg vil gjere noko meir overfor Russland, men antyda at det at regjeringa går ut med ei offentleg skulding var ein tydeleg nok reaksjon i seg sjølv.

Tidlegare sjef for etterretningsgruppa E14, Ola Kaldager, trur ikkje det vil skje noko meir enn som så.

– Kanskje Noreg sender ein protest eller liknande. Og russarane kjem til å seie at det ikkje er dei, seier Kaldager til Dagbladet.

Stortingspresident Tone Trøen meiner angrepet er alvorleg og syner at Stortinget må vere skjerpa. Foto: Кабінет Міністрів України/Wikimedia Commons/CC BY 4.0

Fryktar fleire angrep

Stortingspresident Tone W. Trøen (H) kallar dataangrepet i sommar eit uakseptabelt og svært alvorleg angrep.

– Trusselbiletet er i rask endring og stadig meir krevjande. Vi veit at Stortinget og politikarar er utsette. Dette viser at vi framleis må vere skjerpa, ikkje minst no som vi går inn i eit valår, seier Trøen.

Søreide understrekar at dei opne etterretningsrapportane antydar at vi vil sjå fleire slike dataangrep framover. Det er PST òg opne på.

– Det er vanskeleg å seie noko om korleis trusselnivået er no, men det vi seier, er at etterretningstrusselen mot Noreg er vedvarande høg, spesielt frå statar som vi ikkje har eit sikkerheitspolitisk samarbeid med, som Russland og Kina. Dette er ein svært aktuell metode, så vi kan forvente fleire typar datanettverksangrep, seier Hugubakken.

Russlands utanriksdepartement har førebels ikkje svart på NTBs førespurnader.

Eit Facebook-innlegg med tomme busseter og responsen på dette i den innvandringskritiske gruppa Fedrelandet viktigst gjekk viralt i 2017. Foto: Skjermdump Facebook/Faksimile Nettavisen