Er vi i ferd med å bli industriarbeidarar for Facebook og Google?

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 26.08.2020 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg fekk hakeslepp. Sjølv om eg kjende til at det blir handla med data om oss.

Det seier direktør i Teknologirådet Tore Tennøe om korleis han reagerte då Forbrukarrådet sin rapport «Out of Control» kom ut i vår. Rapporten gir eit innblikk i omfanget av data som blir samla inn om oss, og kor ukritisk slike persondata blir delt vidare.

Tore Tennøe er direktør i Teknologirådet. Han fekk hakeslepp då han las rapporten til Forbrukarrådet om annonseindustrien.

Forbrukarrådet fann mellom anna at Grindr, som er ein sjekkeapp for menn, sel persondata til 19 andre selskap.

– Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men når ein følger det vidare ser ein at éitt av dei 19 selskapa, Twitter Mopub, deler data vidare med 168 andre selskap. Sjekkar ein eitt av desse 168 igjen, så ser ein at dei reserverer seg retten til å dele data med mange tusen nye selskap.

– Vi trur vi deler data med eitt selskap, så deler vi eigentleg med tusenvis, forklarar Tennøe.

Les også: Framtida vår er til sals: – Absolutt ein trussel mot demokratiet

Samtykkeskjema kan bedra

Kort tid etter kom NRK-avsløringa om selskapet Tamoco, ein såkalla «datameklar». NRK kjøpte posisjonsdata frå 140.000 mobilar og nettbrett til den nette sum av 35.000 kroner frå det britiske selskapet. Med dataa kunne NRK enkelt kartlegga store deler av liva til norsk militært personell, til stortingspolitikarar, og til heilt vanlege nordmenn.

– Vi trur vi er anonyme. Vi trur det folk får vite om oss er det vi sjølv legg ut, men eigentleg går det føre seg noko på baksida. Ikkje berre blir det kartlagt kor vi har vore, men også kven vi er, og korleis vi best kan overtalast.

Ikkje berre blir det kartlagt kor vi har vore, men også kven vi er, og korleis vi best kan overtalast.

– Dette har hamna i ein politisk blindsone fordi vi ikkje har skjønt kor omfattande det er, og aktørane som står bak gjer alt for å skjule det, til dømes med samtykkeskjema som er så lange og omfattande at det er umogleg å forstå kva ein går med på.

– Samtykke og anonymitet er blitt illusjonar?

– Ja.

Svarte får eller systematisk utnytting?

Forbrukarrådet såg på eit knippe applikasjonar blant millionar. NRK undersøkte data frå éin av talrike datameklarar. Begge var undersøkingar av beskjedent omfang, men med sjokkerande funn.

Forbrukarrådet avslørte i ein ny rapport at annonseindustrien er ute av kontroll, og driv ulovleg innsamling og spreiing av data. Éit selskap, Grindr, delte til dømes sensitive persondata med 19 tredjepartar. Éin av desse igjen, Twitter Mopub, reserverer seg retten til å dela data med 170 partnarar. Og éin av desse, Appnexus, kan dela data med nye 4259 partnarar. (Grafikk: Forbrukarrådet)

– Personvernskandalar er ikkje enkelttilfelle, men små glimt inn i det som er blitt den nye økonomiske logikken, skriv Harvard-professor Shoshana Zuboff i boka «Overvakingskapitalismens tidsalder». Er avsløringane vi har sett den siste tida regelen, ikkje unntaket?

– Ja, det er heilt klart regelen. Her ser ein utruleg mykje under panseret som ein ikkje var klar over. Som forbrukarar har vi vent oss til at ting skal vere gratis, men så skjønar vi ikkje at vi er produktet.

– Eller, som Zuboff seier det, vi er kadaveret.

Dyrebar merksemd

Produktet, i Zuboffs analogi, er måten du oppfører deg på, som har blitt røska ut av deg. Og avsløringane til Forbrukarrådet og NRK blir i hennar analyse små glimt inn i eit langt større økosystem av innsamling, prosessering og sal av våre data – utan at vi veit om det.

Denne heilskapen er det Zuboff har kalla «overvakingskapitalismen», og som Teknologirådet kallar «overvakingsøkonomien».

– Når vi kjenner oss litt avhengige, så er ikkje det tilfeldig, men resultat av raffinerte psykologiske teknikkar. Målet er å halda merksemda vår fanga slik at ein får samla mest mogleg data om oss, for så å selja dette til folk som vil annonsere – eller påverke kva vi stemmer ved val.

Vi blir lurt til å tru at vi kan samtykke, men det blir konsekvent skjult for oss kva som eigentleg skjer.

Summen av Zuboffs analyse, viss den er riktig, er eit system avhengig av ein stadig reduksjon i menneskeleg fridom og autonomi. Eit stadig meir raffinert manipulasjonsapparat, der endestasjonen er sal av garantiar heller enn prediksjonar.

– Er det på tide at politikarane vaknar opp?

– Ja. Dette er også del av eit bedrag. Vi blir lurt til å tru at vi kan samtykke, men det blir konsekvent skjult for oss kva som eigentleg skjer. Og dersom vi visste det, ville vi antakeleg ikkje gitt samtykke, meiner Tennøe.

Politikk i villrede

Torgeir Knag Fylkesnes er nestleiar i SV og medlem av «teknogruppa» på Stortinget, som forsøker å halda seg oppdatert om den teknologiske utviklinga.

– Dette er eit felt der politikken kjem dragande med beina etter seg. Det pregar den politiske responsen i Norge, men også dei fleste andre land. Det skjer store teknologiske endringar, men før responsen kjem har det allereie etablert seg eit system som bruker personlege data som verktøy for profitt, seier Fylkesnes.

SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes meiner vi står i fare for å bli industriarbeidarar for Facebook og Google. Foto: SV

Fylkesnes, som sit i næringskomiteen på Stortinget, meiner dette skuldast manglande kunnskap, både om problemet, og om moglege løysingar.

– Ein er i villrede om kva ein skal gjere. Blant dei fleste parlament i verda er det nok ikkje mange som forstår noko av dette, og heller ikkje alvoret i det. Men dette forandrar jo maktforholda i verda ganske betrakteleg. Vi blir råstoff i ein stor global økonomi, der målet er å utnytte våre data maksimalt for å skape profitt for nokre få.

Whisky-veddemål

– Staten har ei sentral rolle her viss den vil. Den kan stille krav til Facebook, Google og Amazon. Det EU gjer viser at det er fullt mogleg å avgrense makta til desse selskapa. Ein må etablere ein datapolitikk, som er eit av dei viktigaste politikkområda i vår tid, men som det er få som forholder seg til.

Fylkesnes mistenker at mangelen på medvit rundt overvakingsøkonomien strekk seg langt inn i regjeringa. Han har liten tru på at distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland i det heile tatt er klar over problematikken.

Eg tør vedde ei god flaske whisky på at ho ikkje eingong har tenkt tanken.

– Ein kjem slentrande etter politisk, og regjeringa ser heller ikkje moglegheitene for å motarbeida dette: Dei har ein idé om at dette er noko som skjer globalt, at det ikkje er noko enkeltstatar kan gjera noko med.

– Denne slappe haldninga går ut over folk og samfunn. Helleland burde jo ha uttalt seg her. Eg tør vedde ei god flaske whisky på at ho ikkje eingong har tenkt tanken.

Teknologi løpt løpsk

Trass manglande politisk debatt, meiner Fylkesnes situasjonen er dramatisk.

– Det er ein dramatikk som speler seg ut no, der vi er i ferd med å bli industriarbeidarar for Facebook og Google alle mann.

– Industriarbeidarar er nesten feil omgrep, for vi både produserer og er råstoffet samtidig.

SV-nestleiaren meiner den teknologiske utviklinga kan bli direkte farleg i mangel av statleg styring:

– Ein må sjå teknologi som eit beist. Blir det sluppe fritt utan styring, kan det bli eit monster, men dersom det blir tøyla kan det tene oss. I dette tilfellet har det gått amok, utan nokon form for statleg inngripen.

Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H) er uroa for effekten sosiale medium kan ha på ungdommar. Foto: Martin B. Andersson/BLD

Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H). Foto: Martin B. Andersson/BLD

Digitaliseringsministeren: – Ikkje «gratis»

– Tenestene er ikkje «gratis», og det finst grunnar til at vi opplever tenestene og produkta som relevante og skreddarsydde til våre behov, og enkle å bruke. Dette gjer òg at vi vel å halde fram med å bruke dei – sjølv når vi veit at dei «overvaker» oss, skriv digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland i ein epost til Framtida.no.

I etterkant av NRK-avsløringane skreiv ho eit brev til EU-kommisjonen der ho inviterte til samarbeid om spørsmåla.

Digitaliseringsministeren jublar over at Knag Fylkesnes no skuldar ho ei flaske whiskey, fordi både ho og regjeringa «har tenkt tanken», og vil gjerne halde fram denne viktige diskusjonen på Stortinget.

Helleland peikar på at regjeringa hausten 2019 gjekk inn for ei stortingsmelding om datadriven økonomi og innovasjon, som skal vere ferdig ved årsskiftet 2020/21.

Stortingsmeldinga skal peike ut datapolitikken vår og drøfte ulike problemstillingar i den datadrivne økonomien, noko som gjer ho til ei viktig melding i digitaliseringsministeren sine auge.

Globalt fenomen

– I den datadrivne økonomien vert personopplysningar eit betalingsmiddel når vi samtykkjer til at informasjon kan seljast videre til tredjepartar. Forbrukarane må verte meir medvitne på kva dei samtykkjer til når dei tek i bruk appar og andre tenester frå selskap som Facebook, Google og Amazon, understrekar Helleland.

Digitaliseringsministeren meiner det er ei stor utfordring at det er vanskeleg for brukarane å skjøne korleis opplysningar om dei vert brukte av dei store plattformselskapa og tenesteleverandørane.

Saman er vi sterkare mot til dømes dei store kinesiske og amerikanske plattformselskapa

Ho seier seg einig med Knag Fylkesnes i at det er eit globalt fenomen, og meiner difor det er noko statar ikkje kan løyse aleine og kvar for seg.

– Internasjonalt samarbeid er viktig, og saman er vi sterkare mot til dømes dei store kinesiske og amerikanske plattformselskapa. EU-kommisjonen lanserte nyleg datastrategien sin, som skal bidra til at Europa tek ein sterkare posisjon i den globale dataøkonomien, enn det som er tilfellet i dag.

EU på personvernballen

Helleland forklarar at Datatilsynet gjennom EU si nesten to år gamle personvernforordning og nye personopplysningslov har fått ein viktig plass i det europeiske personvernsamarbeidet.

– Det er gjennom dette samarbeidet vi må handtere personvernutfordringane knytte til dei internasjonale plattformselskapa, skriv Helleland, som peikar på at regjeringa har styrkt Datatilsynet for at dei skal vere rusta for oppgåva.

Ho peikar også på dei norske forbrukarmyndigheitene som viktige samarbeidspartnarar på dette området.

Helleland peikar på regjeringa sin personvernkommisjon som skal sjå på mange av dei utfordringane personvernet møter i Noreg i dag.

– Ei av oppgåvene til kommisjonen vil nettopp vere å sjå på korleis borgarane skal kunne ivareta eige personvern når dei bruker digitale tenester, mellom anna sosiale medium. Resultatet av kommisjonen sitt arbeid vil verte viktig når vi skal vurdere korleis vi skal jobbe vidare med personvern i digitale tenester.

Trur på datadriven innovasjon

Digitaliseringsministeren er oppteken av at me må sjå til at selskap som omset data er ansvarlege, pålitelege og er opne om korleis personopplysningar vert lagra, delt og brukt vidare.

– Vi må erkjenne at data òg er ein viktig ressurs for Noreg framover. Om vi forvaltar dataa riktig, kan datadriven innovasjon bli ein av dei viktigaste drivarane for økonomisk vekst, og medverke til å handtere nokon av dei store samfunnsutfordringane vi står overfor.

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.