Svaksynte meir utsette for depresjon
Blinde og svaksynte er to til tre gonger meir utsette for depressive lidingar enn befolkninga elles, ifølgje ei undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er særleg i dei yngste aldersgruppene ein finn dei som er mest utsette for depresjon. Heile 14 prosent i aldersgruppa under 50 år lir av alvorleg depresjon. Dette er betydeleg høgare enn i normalbefolkninga, der depresjon rammar mellom 4 og 8 prosent, seier forskar Audun Brunes, som står bak undersøkinga i ei pressemelding.
I undersøkinga frå NKVTS (Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress) har 736 vaksne over 18 år delteke.
Halvparten av deltakarane var fødd blinde eller svaksynte, medan den andre halvparten mista synet i barndommen eller vaksen alder.
Fleire enn éin av ti deltakarar hadde så store psykiske plager, mellom dei plager knytt til depresjon, at dei ønskte tilvisning til psykolog.
Vidare avdekte undersøkinga eit større og udekt behov for helsehjelp, og 60 prosent oppgav at dei saknar nære relasjonar og 40 prosent at dei har følt seg ekskludert frå sosiale nettverk.