Sondre Hansmark innstilt til attval som Unge Venstre-leiar

Ein einstemmig valkomité i Unge Venstre har innstilt Sondre Hansmark til attval som leiar i endå eit år.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg takkar så mykje for tilliten. No er det berre eit år til valet, og eg vil bidra til å gjere Venstre til den store vinnaren av valet, seier Sondre Hansmark i ei pressemelding.

Hansmark vart valt til leiar av Venstres ungdomsparti i 2017.

– Eg gler meg til å samarbeide med Venstres nye leiing for å kutte i klimagassutslepp, gi elevar meir fridom i skulen og gjennomføre ei rusreform, seier Hansmark.

Komiteen har òg innstilt Ane Breivik som 1. nestleiar. Ho er òg leiar av Bergen Venstre. Benedicte Bjørnås blir innstilt som 2. nestleiar.