Menneske er lykkelegast når dei er 16 og 70 år, ifølgje ei fersk britisk undersøking.
NPK-NTB-RITZAU
NPK-NTB-RITZAU

Meir enn ein million britar har delteke i undersøkinga, der forskarane har spurt når lykkekjensla har vore sterkast og når ho har vore minst til stade gjennom livet.

Deltakarane fekk også spørsmål knytt til sjølvkjensle, angst og bekymringar.

Les også: Noreg har den 13. mest lykkelege befolkninga i verda

Å bli vaksen går hardt utover lykka

Undersøkinga er gjennomført av det nasjonale statistikkontoret Office for National Statistics over sju år. Svara vart deretter analysert av forskarar. Resultatet er publisert i den britiske dagsavisa The Times.

Undersøkinga viser at det å bli vaksen går hardt utover lykka. Ser ein på svara saman med alder ser ein ei sterk U-kurve, som viser at lykkekjensla går nedover allereie etter at ein har fylt 16 år, med nokre kortvarige stigningar i tjueåra.

Samtidig viser undersøkinga at ein får det betre mentalt når ein blir eldre. Etter fylte 50 ser ein ei skarp stigning. Toppen når ein først når ein har vorte 70 år.

Ein er lykkelegast når ein er 16 eller 70 år, konkluderer forskarane.

Undersøkinga viser at det å ha jobb, partnar og god helse er blant dei avgjerande faktorane som sikrar eit godt fundament for livslykke. Høgare utdanning og i kva grad ein eig sin eigen heim speler òg ei stor rolle for korleis ein har det.

Visste du at det å jakta lykke verkar mot si hensikt? Forskarar har komme fram til at dess meir tid du brukar på å finne lykka, dess mindre lykkeleg blir du.

Kommentarar

ANNONSE