Av dei over 6000 raude telefonkioskane som fanst i Noreg på 70- og 80-talet, skal hundre fyllast med bøker. Han som vart opna i Lademoparken i Trondheim nyleg, er ekstra spesiell: Bli med inn i den fyrste samiske lesekiosken i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I denne telefonkiosken kan du låne samiske bøker
Rett skal vera rett; berre ein time seinare vart ein andre samisk lesekiosk opna i Tromsø.
– Men som staden for det fyrste samiske landsmøtet i 1917, er Trondheim, Tråante, på ein måte Sápmis hovudstad. Samane har vore for usynlege her i byen, men denne lesekiosken er endå eit steg i riktig retning.
Det sa forfattar Beate Heide, som representerer den nokså nystarta foreininga Samiske Forfattere/Searvi sámi girječálliide/Siebrre sáme girjjetjállijda, ein organisasjon for samiske forfattarar som skriv på alle språk, norsk inkludert.
Foreininga er fadder for lesekiosken i Lademoparken.
«Ta ei bok, gje ei bok»
Frå 2016 er det ikkje lenger mogleg å ringje frå ein einaste raud telefonkiosk i Noreg. Ikkje har folk kontantar lenger, og ikkje har dei bruk for telefonkioskar no når alle alltid ber ein mobiltelefon.
Men så synlege og viktige var dei raude telefonkioskane i si tid, at hundre av dei er verna av Riksantikvaren i samarbeid med Telenor. Det er desse verna telefonkioskane Foreningen !les har fått løyve til å fylle med bøker.
– I telefonkioskane har mange løyndommar vorte delte, sa Beate Heide under opninga av lesekiosken i Lademoparken.
– Kva høver betre enn at dei no blir fylte av bøker?
I fall du skulle lure, kan det nemnast at ein lesekiosk er svært enkel å bruke: Du kan rett og slett gå inn og finne deg ei bok, ta ho med deg heim og kose deg med ho. Du treng ikkje eingong å gje ho attende. Men du kan gjerne gjera det, eventuelt med ei lita helsing til den neste som måtte koma til å opna ho, og kanskje nokre ord om kvifor akkurat denne boka er verd å lesa. Eller kanskje har du ei heilt anna bok heime, som du gjerne vil dele med verda? Då er det berre å setja ho i ein lesekiosk nær deg.
Men vil du lesa eit av dei samiske språka vi har i Noreg – nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk – er Lademoparken staden for deg.
- Les også intervjuet med amerikanske Thorin (29), som lærer seg sørsamisk på nett: – Kvart samfunn og språk er ulikt
Bøker og joik
Rett nok finst det fleire bøker i kiosken som er både på eit samisk språk og på norsk. Under opninga av lesekiosken i Lademoparken vart det lese høgt frå tre slike.
Beate Heide las frå Nammalávlla – Navnesangen, ei biletbok med handling frå Grønland.
Ellen Sara Reiten Bientie las frå Mijjen gærhkoe-gærja – Vår kirkebok, som ho sjølv har illustrert, men som er skriven av mor hennar, Anne-Grethe Leine Bientie, for å tene som fireårsbok for ungar med sørsamisk bakgrunn – ei gåve til dei frå kyrkja.
Ikkje minst fortalde June Sommer Strask skapingsmytar frå boka Spor i ord – Luottat sàniin, som snart kjem ut. Ho stod òg for det musikalske, då ho opna seremonien med ein herleg lulesamisk joik, og seinare joika både myggen og bjørnen og fleire andre.
Nokre forbipasserande i Lademoparken denne laurdag føremiddagen gjorde store augo og øyro ved synet av koftene og lyden av joiken – men det er å vone at dei alle venner seg til å møte samar i samehovudstaden Tråante.
Siste nytt er forresten at det skal opprettast eit samisk hus i byen. Det er bra, for det kan bli i overkant trongt i ein telefonkiosk – særleg ein som er full av bøker!
- Er du rusta til å låne og lese ei bok på samisk? Sjekk kor god du er i nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk!
Les også: Verken NRK, SVT eller Yle tekstar på samisk: – Skulle gjerne sett Skam med samisk tekst