Ungdom mot EU: «Den same inhumane flyktningpolitikken i ny drakt»

Frankie Rød
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Onsdag 23. september lanserte EU-kommisjonen forslag til EUs nye flyktningpolitikk.

EUs flyktningpolitikk er ekstremt inhuman, blant anna fordi alle får søknaden sin behandla i det første landet ein kjem til, og fordi det praktisk talt er nesten umogleg å ta fly, noko som tvingar folk til å ta turen over havet i staden.

Fjernar kvote-krav

Ein god flyktningpolitikk burde fokusere på å løyse problema med at alt for mange skal få søknaden sin behandla i få land, og på å sikre ei tryggare reise til Europa.

I tillegg burde ein sjå på korleis ein kan få plassert fleire flyktningar utover i Europa, og ivareta flyktningar, slik at ingen må bu i flyktningleirar. 

Det er imidlertid ikkje denne politikken som skal endrast. I staden fjernar dei kravet om at alle EU-land skal ta i mot ei kvote med flyktningar, og lar dei som ikkje vil ta imot flyktningar bidra på andre måtar.

Dette vil gjere det endå lettare for EU-land å fråskrive seg ansvaret, samtidig som det potensielt kan gjere det endå vanskelegare å få plassert flyktningar. 

Strengare grensekontrollar

I tillegg skal dei skjerpe grensekontrollane, og asylsøkarar skal delast i to køar, der dei frå land som sjeldan får opphald blir behandla først. I den grad den nye politikken gjer noko som helst for asylsøkarar er det å sende dei ut fortare, ikkje å finne plass til fleire.

Dette er den same inhumane flyktningpolitikken i ny drakt.

I tillegg kan dette føre til at det blir endå vanskelegare å få opphald om du kjem frå eit land der folk sjelden får opphaldsløyve. Slik kan det i verste fall føre til at folk ikkje får søknaden sin behandla på rettferdig vis. 

Denne nye politikken er ei gåvepakke til dei landa som ikkje ynskjer å ta sin del av ansvaret.

Flyktningar i fokus

Dette er den same inhumane flyktningpolitikken i ny drakt.

Ein vil framleis ende opp med at Hellas sit igjen med majoriteten av flyktningane, og dimed er poenget med å lage ein ny flyktningpolitikk borte.

EU treng ei ny retning i flyktningpolitikken, der flyktningar sitt beste står i fokus.


Har du noko på hjarta? Skriv inn til tips @ framtida.no!

T.v.: Victoria Elisabeth Andal, Sentralstyremedlem i Ungdom mot EU. Foto: Privat. T.h. Bilete frå demonstrasjon mot EU sin flyktningpolitikk i Tyskland, 09. september 2020. Foto: Boris Roessler/dpa via AP