Innafor-Gisle er nominert til Jenteprisen: – Burde vore fleire menn på lista

Kvart år løftar Jenteprisen fram nokon som har gjort ein ekstra innsats for å betre kåra til kvinner. I år er ein mann nominert.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.10.2020 08:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er beæra, eg! Ikkje minst på grunn av eige kjønn. Det burde vore fleire menn på den lista, for når det gjeld likestilling og vald mot kvinner er det ikkje for mykje å be om at vi alle er med å dra lasset, uansett kjønn.

Det fortel Gisle Gjevestad Agledahl på e-post til Framtida.no.

Den 30 år gamle programleiaren er stolt over å vere blant dei kring 70 nominerte til Jenteprisen 2020.

Plan: Ikkje berre ei kvinnesak

Jenteprisen vert delt ut av Plan International Norge og Costume, og går kvart år til ein person, organisasjon eller bedrift i Noreg, som har gjort ein ekstra innsats for å stoppe vald, overgrep og diskriminering av jenter, anten det er i Noreg eller utlandet.

– Vi i Plan heiar på alle som ynskjer gjere verda til ein litt betre stad, både store og små stemmer, seier generalsekretær Kari Helene Partapuoli. Foto: Astrid Hexeberg/Plan International Norge

Alle kan nominere ein kandidat dei synest er verdig, medan ein jury avgjer kven av desse som får den gjeve prisen.

Generalsekretær i Plan Norge, Kari Helene Partapuoli, fortel at det tidlegare år har vore ei overvekt av kvinnelege kandidatar, og at det difor er fint at også ein mann no er nominert.

– Kampen for jenters rettar, vern og likestilling er ikkje berre kvinnesak – eit likestilt samfunn kjem alle til gode, seier Partapuoli på e-post til Framtida.no.

Ho påpeikar at eit mangfald i arbeid, personar og bakgrunn er viktig – og ikkje minst riktig – fordi det speglar samfunnet.

– Difor skulle vi gjerne sett eit endå større engasjement blant menn òg, seier generalsekretæren.

Trakk seg i fjor nominert igjen i år

På lista over kandidatar er det ei rekkje gjengangarar, som også tidlegare år har vorte nominerte for sin vedvarande innsats for å fremje likestilling og kvinners rettar.

Nancy Herz og De skamløse jentene, Christine Marie Jentoft og Carina Carlsen er blant dei nominerte til Jenteprisen, som òg har vore nominerte før. Foto: Privat/ Plan Norge / Emilie Hansen

Ein av desse er Christine Marie Jentoft (32), som i nærare eit tiår har engasjert seg for transpersonars rettar, trass hatet og trugslane ho møter.

32-åringen var nominert til Jenteprisen i fjor, men var ein av fleire som trekte seg frå tildelinga i protest mot at Kari Jaquesson også var nominert.

Christine Marie Jentoft fortel i ei pressemelding at ho set pris på å verte nominert igjen, og at arbeidet ho gjer vert anerkjent.

– Kampen for skeive kvinner og jenter, og då spesielt transkvinner, ligg milevis bak når det kjem til aksept i dagens samfunn, sjølv i Noreg. Eit friare kjønnsrom å bevege seg i for alle, vil frigjere jenter, cis og trans, til å kunne uttrykke og utfalde seg som dei sjølv vil, seier Jentoft.

Heltar som deler historiene sine

Plan fortel at Gisle Gjevestad Agledahl er nominert på bakgrunn av arbeidet han har gjort og gjer for å fremje mangfold og likestilling, og trekker fram Innafor-episoden om valdtekt og overgrep, «Sex eller overgrep?».

I episoden granska Agledahl samtykke, og møtte unge vaksne som har opplevd å få grensene sine overskridne og nokre som har overskride andre sine grenser.

På e-post til Framtida.no fortel programleiaren at han tenker nominasjonen først og fremst går til dei som stilte opp i episoden: Elsa og «Kristian», Wilde, Martha og Maria. 

– Dei er nokre heltar. Så har eg vore veldig heldig som har fått tilliten til å fortelle historiene deira, avsluttar Gisle Gjevestad Agledahl. 

Prisen skulle vert delt ut 11. oktober, på Den internasjonale jentedagen, men sidan datoen fell på ein søndag vert prisen delt ut fredag 9. oktober.


Guro Krempig (t.v.) og Mina Karlstrøm. Foto: Privat

Tidlegare vinnarar av Jenteprisen

2019: Papillon, møteplass for fleirkulturelle jenter og kvinner i Bergen
2018: Mia Landsem, «Datadetektiv»
2017: JURK, Juridisk rådgivning for kvinner
2016: Andrea Voll Voldum, stod fram med si personlege historie i Hemsedal-saken
2015: Deeyah Khan, menneskerettsaktivist og filmskapar
2014: Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) og Gerd Fleischer