Verda går ikkje til helvete – her får du seks gode nyheiter

Selma Bratberg
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Fallande klimautslepp i USA – trass Trump

I dei fleste av USA sine statar har CO2-utsleppet falle sidan 2005, dette til trass for økonomisk vekst. Dette viser at vi ikkje treng å gå på kompromiss med klodens tilstand for å skape velstand, melder World Resources Institute.

Denne trenden ser også ut til å halde fram trass den noverane presidenten si manglande interesse for klimatiltak.

President Donald Trump. Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0

Utviklinga gjev håp om at USA sine enkelte statar vil vere i stand til å gjere betydelege framsteg mot klimaendringane.

Truga havskjelpadde vender attende til Tunisia sine strender

Klimaendringar, turisme og plast har i tiår gjort det vanskeleg for havskjelpaddar å finne rugeplass på tunisiske strender. Men no ser mange år med innsats for å verne havskjelpaddane ut til å gje resultat.

Foto: ukanda / CC BY 2.0

Fleire skjelpaddar av arten uekte karettskjelpadde har igjen byrje legge egg på stranda ved den tunisiske øya Kuriat.

Sydney har skifta til grøn straum

Bystyret i Australia sin største by, Sydney, har gått over til å bruke 100 prosent grøn straum. Det tyder at all elektrisitet til sportshallar, symjehallar, offentlege bygg, parkar, rådhuset og byens 23.000 gatelampar.

Straumen kjem frå lokale solpanel og vindmøller i delstaten New South Wales. Det er venta at dette vil spare 20.000 tonn CO2-utslepp kvart år.

Sydney brukar no 100 prosent grøn straum. Foto: Benh LIEU SONG from Torcy, France / Wikimedia Commons / CC BY-SA 4.0

Australiarar har merka klimaendringane på kroppen med dei enorme skogbrannane landet har opplevd. Og ei meiningsmåling utført av Lowy Institute viser at seks av ti australiarar meiner at klimaendringane er eit reelt problem som krev handling no.

Kan svermar av soppmygg redusere malariaspreiing?  

Forskarar har nyleg oppdaga ein spesiell sopp, Microsporidia MB, som lever inni nokre av malariamyggane som svermar rundt langs breidda av Victoriasjøen i Kenya. Berre fem prosent av myggen berer med seg soppen, og soppen i seg sjølv gjer inga skade mot sjølve myggen.

Men dei myggane som har soppen har den spesielle eigenskapen at dei ikkje er i stand til å smitte menneske med malaria.

Dette kan gje ein mogelegheit for å nedkjempe malaria på ein ny måte, og på ein måte som er mindre skadeleg for naturen enn til dømes å sprøyte med innsektgift. Dette krev likevel meir forsking.

Likekjønna ekteskap lovleg i Costa Rica

Den 26. mai i år vart likekjønna ekteskap lovleg i Costa Rica.

Tilbake i januar 2018 gav Den interamerikanske menneskerettsdomstolen eit rådgjevande vedtak til alle land i Latin-Amerika. Dei vedtok at alle landa bør sikre menneskerettane til alle LHBTIQ+-personar gjennom fleire tiltak. Costa Rica sin høgsterett vedtok same år at landet er pliktig til å følgje tilrådinga frå menneskerettsdomstolen.

Illustrasjonsbilete: Colourbox.com

Costa Rica er med dette det første landet i Sentral-Amerika til å gjere likekjønna ekteskap lovleg.

Dette er ein viktig siger i kampen for å sikre LHBTIQ+-personar sine rettar, og forhåpentlegvis vil fleire land no følgje etter.

Storbritannia stenger kolkraftverk i rekordfart

Kol dreiv den industrielle revolusjonen som starta i Storbritannia for over 200 år sidan. Og sjølv om kol framleis står for ein vesentleg del av verdas straumproduksjon, droppar no fleire land kolet og Storbritannia er med på å leie veg.

21. april 2017 køyrde landet for første gong sidan 1882 ein heil dag utan kolkraft.

I dag er det berre fire kolkraftverk igjen i landet. Dette er ei viktig utvikling om vi skal nå klimamåla.


Les også om Mina (20) og Guro (21) som har gått 200 kilometer over Finnmarksvidda og samla nesten 40000 kroner til CARE: – Kanskje kan vi vere med på å gje litt meir fridom og litt fleire mogelegheiter til andre

Den siste selfien før Mina Karlstrøm (t.v.) og Guro Krempig forlet fjellheimen. Foto: Privat