Stor DNA-studie endrar biletet av vikingar: Ikkje blonde og høge likevel

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

DNA-studien «Population genomics of the Viking world» vart publisert i Nature onsdag og stadfestar mykje ein i over hundre år har vore ganske sikker på. Som at vikingtida medførte mykje reising, for nordmenn primært til Island, Irland, Grønland og Skottland, og samkvem med andre folk, slik at skandinaviske gen spreidde seg.

Skandinavane blanda seg òg meir med kvarandre i denne epoken, og det kom innvandrarar hit frå aust og sør i Europa.

Men så er det nokre overraskingar i studien òg, seier leiar for det norske arbeidet, Jan Bill, som er professor i arkeologi ved Kulturhistorisk museum.

Lite til felles

– Før vikingtida var det, litt overraskande, tre ganske ulike befolkningar samanlikna med kvarandre: Ein i Noreg, ein austskandinavisk i Sverige og ein sørskandinavisk i Danmark og Skåne. Det viser at geografi har hatt ei stor betydning for kven ein fått barn med. Ein heldt seg til dei ein budde i nærleiken av. Vi trudde dei tre gruppene var tettare integrert på grunn av sjøfarten, òg før vikingtida, men tydelegvis ikkje, seier Bill til NTB.

Professor i arkeologi ved Kulturhistorisk museum Jan Bill har vore leiar for det norske arbeidet med DNA-studien «Population genomics of the Viking world» som blei publisert i Nature onsdag. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

Då forskarane såg på DNA som fortel om utsjånad, som hårfarge og høgd, fann dei at det ikkje er noko slikt som éin typisk viking: Dei var ikkje nødvendigvis høgreiste og blonde. Det var derimot ganske mange med mørkare pigment og mørkare hår.

– Den store praktiske betydninga har eit slikt funn kanskje ikkje, men det forandrar kanskje synet vi har på dette, seier Bill.

Innvandrarar

Med vikingtida, anslått til perioden 750–1050, byrja for alvor reisinga og blandingane av gen, særleg i Europa. Vikingar slo seg ned i andre land, og forskarane har stadfesta at dei sannsynlegvis tok med seg koner heim til Skandinavia.

Osebergskipet blir rekna som eitt av dei viktigaste funna frå vikingepoken og er utstilt Vikingskipshuset på Bygdøy i Oslo. Då skipet blei grav ut i 1904, inneheldt det leivningane av to vikingkvinner med flotte utskorne gjenstandar og smykke. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

– Eit anna veldig interessant funn var at vi òg analyserte individ som ikkje hadde noko av den skandinaviske biologien, men dei var gravlagd som vikingar, i full mundur. Det må bety at dei eller foreldra hadde teke til seg identiteten og kulturen, noko som er veldig spennande, seier Bill.

Dei to vikingane som ikkje har skandinaviske opphav, skal vere av keltisk avstamming.

Dei 46 norske skjeletta DNA-et er henta frå, er funne på Austlandet og opp til Trøndelag og er datert frå bronsealder fram til mellomalderen, men hovudsakleg frå vikingtid, seier Bill.

Får ros

Fleire kollegaer som ikkje har vore med på forskinga, rosar arbeidet opp i skyene i intervju med National Geographic.

– Det er ein fantastisk studie. Han gir ny kunnskap, men styrkjer nesten alt vi allereie veit om vikingtida, seier arkeolog og professor Jesse Byock ved University of California i Los Angeles som leiar Mosfell Archaeological Project på Island.

Viseprofessor og arkeolog Davide Zori ved Baylor University meiner studien vil bidra til å fjerne den stereotype oppfatninga av den skjeggete, blonde vikingen.

Forskarane har òg studert dagens europearar og slår fast at nordmenn og danskar i dag liknar mest genetisk på forfedrane sine, meir enn svenskane, medan det òg er spor etter dei skandinaviske vikingane i resten av Europa.

Dette er det rekonstruerte fjeset av ei vikingkvinne funne i ei grav i Solør i Hedmark. Foto: National Geographic