Er dette ansiktet til den første vikingkvinna med ein kampskade?

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er så spent, for dette er eit fjes som ikkje har vorte sett på 1000 år. Ho har plutseleg vorte veldig ekte, seier arkeologen Ella Al-Shamahi ifølgje den britiske avisa The Guardian.

Arkeologen viser til det rekonstruerte fjeset av ei kvinne frå vikingtida. Det som kan vere ein kvinneleg krigar.

Forskarar har ved hjelp av ansiktsattkjenningsteknologi klart å rekonstruere ansiktet til ein hovudskalle som vart funnen i ei vikingrav i Solør i Hedmark. Resultatet vert presentert i den komande National Geographic-dokumentaren «Viking Warrior Women».

Der presenterer forskarane også ei ny hypotese om kven denne kvinna var.

Tok sverdet med seg i grava

Skjelettet vart funne i ei grav på garden Nordre Kjølen i Solør i år 1900. Det var gardseigaren, eller ein av arbeidsfolket på garden, som oppdaga restane frå vikingtida. Allereie året etter vart skjelettet identifisert som ei kvinne.

Ho skal ha vore rundt 19-20 år gamal, 155 centimeter høg og spedbygd.

Det som gjer at denne vikingkvinna skil seg frå sine samtidige: Ho var gravlagd saman med ei rekkje imponerande våpen – eit sverd, eit skjold, piler, eit spyd og ei øks.

Desse gjenstandane vart funne i grava. Foto: Ellen. C. Holte, Kulturhistorisk museum

Sjølv med dei uklåre utgravingsomstenda, er det ingen grunn til å tru at det var eit anna skjelett i grava. Dette var hennar grav.

Hanna Lovise Aannestad fortel at Kulturhistorisk museum har tilrettelagt for rekonstruksjonen til National Geographic, men delteke direkte. Foto: UiO

– Dette er spesielt, fordi vi antek gjerne at våpengraver er mannsgraver og smykkegraver er kvinnegraver, seier arkeolog Hanne Lovise Aannestad på telefon til Framtida.no.

Aannestad er tilsett hjå Kulturhistorisk museum i Oslo, og har arbeidd med utstillinga «VÍKINGR» der gravfunna har vore utstilte sidan i vår.

I samband med utstillingsopninga i april sa Aannestad til NRK at skjelettet opna for spekulasjonar om kvinner og våpen

Arkeologen fortel at vi har lite skjelettmateriale frå denne perioden bevart i Noreg, berre eit tjuetals skjelett. Av den grunn har ein ofte måtte bestemme kjønn utfrå gravmateriale.

– Vi har difor lite mogelegheit til å stikke hol på den antakinga, seier Aannestad.

Første beviset på kvinnekrigar?

Då dei britiske forskarane rekonstruerte ansiktet til «Skjoldmøya frå Solør», bygde dei det gradvis frå musklar til hudlag. I arbeidet oppdaga dei at hovudskallen hadde ein skade dei meinte samsvara med eit sverd-sår.

Dødsårsaka er umogeleg å fastslå, men arkeolog Ella Al-Shamahi meiner dette er det første beviset noko sinne funne av ei vikingkvinne med ein kampskade.

Arkeolog Hanne Lovise Aannestad er derimot litt meir tilbakehalden:

– Studier av denne typen er ein tolkingsvitskap. Dette skjelettet har vore undersøkt fleire gongar tidlegare både arkeologisk og av fysiske antropologar, men det har aldri før vorte tolka som eit traume eller restar av sår frå ein kamp, seier Aannestad.

Ho forklarar at det er ein pågåande diskusjon. Samstundes fortel ho at Kulturhistorisk museum har tenkt å utforske hypotesen vidare:

– Vi har sett i gong ein nytt prosjekt der vi skal sjå nærare på dette skjelettet.

Bakgrunnsfoto frå Blindern av Alexander K. Lykke, André Nilsson Dannevig og Julian Kirkeby Lysvik. Pressefoto frå Beforeigners nytta i collage av høvesvis: Eirik Evjen/HBO Nordic og Lukas Salna/HBO Nordic