Forskarar har funne svaret på kvifor vikingtida starta

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I årevis opererte dei i heimlege farvatn, låg på lur bak øyer og holmar eller ved munningen av djupe vestlandsfjordar, og slo til når handelsfolk med varer i lasten kom seglande forbi. Men mot slutten av 700-talet seglar vikingane over Nordsjøen på tokt, og starta dermed vikingtida, skriv Apollon.

Kongemakt

Dagfinn Skre er professor i jernalder og vikingtid ved Kulturhistorisk Museum ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

No meiner forskarar at grunnen til at vikingtida starta er at det vaks fram ei kongemakt i Rogaland og Hordaland.

– Langdistansehandelen nådde sitt høgdepunkt då vikingane starta opp med sine oversjøiske tokter på slutten av 700-talet. Det var skuld i ei sterkare kongemakt. Den gav beskyttelse. Handelsfolket fekk ein trygg segltur. Kongane fekk ein del av dei attraktive varene frå nord og sør. Når kongemakta styrkte seg blei parasittverksemda på handelsfolket mykje meir risikabel for vikingane, seier Dagfinn Skre ved Kulturhistorisk museum.

Skre meiner vikingane blei pressa til å finne andre jaktmarker. Irland og Skotland var landa som først vart raida av vikingane, der kom dei ikkje i konflikt med handelsverksemder.

Dette er det rekonstruerte fjeset av ei vikingkvinne funne i ei grav i Solør i Hedmark. Foto: National Geographic