Unge såg meir på direktesend TV då Noreg stengde ned

Ei ny undersøking viser at 25 prosent fleire unge vaksne såg på direktesend TV etter at landet stengde ned i mars.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkinga Kantar har gjennomført for NRK blant unge vaksne i alderen 18 til 25 år, viser at 40 prosent såg på direktesend TV frå 13. mars til smitteverntiltaka vart lempa på i midten av juni. Det er 25 prosent fleire enn tidlegare.

Tala inkluderer TV på nett, slik som Dagbladet TV og VGTV

I same periode hadde regjeringa daglege pressekonferansar om koronapandemien.

Undersøkinga viser òg at halvparten av dei unge har brukt nettsidene til Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og regjeringa for å halde seg oppdaterte på koronasituasjonen. Aviser og nettaviser var likevel viktigast. Dei har vorte brukte av 63 prosent av dei spurde.


Har du fylt TV-kvota di?

Måleri av Collett: Johan Gørbitz / CC BY-SA 3.0 / Foto av Duun, Hamsun og Sandel: Nasjonalbiblioteket / Foto av Ibsen: Gustav Borgen / Norsk Folkemuseum / Offentleg eigedom