Korleis debattera med nokon som ønsker deg død?

Peter Alvsvåg
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Du går ned ved sentrum i Bergen, du er muslim. På Bergen brygge står ein mann som snakkar for SIAN (Stopp islamiseringen av Norge) med store høgtalarar og spreier hat. Dei fortel om kor forferdeleg islam er, og at alle muslimar bør deporterast.

Men det går fint. Du skal la mannen få rope ut om kor mykje han hatar alt religionen din står for, fordi han har òg rett på å ytre seg.

Kanskje du kan rope imot dei store, bråkete, nesten døyvande høgtalarane som forsterkar hans intoleranse tifald. Nei, det går ikkje, han høyrer ikkje deg. Det gjer heller ikkje dei rundt, som òg er døve av hatet på fullt volum.

Men etterpå kan eg snakke med han, inngå ein diskusjon, tenker du. Men det får du ikkje moglegheit til. Det står mykje sperringar og politi rundt mannen og scena han står på, sjølv når han pakkar ned. Du får ikkje tilgang.

I det minste kan eg skrive eit avisinnlegg om kva eg tenker, å bidra til diskusjonen, kanskje denne mannen vil lese det å bidra til debatten.

Du skriv avisinnlegget, og får mange tilbakemeldingar, både gode og vonde. Men ingen svar frå mannen eller organisasjonen du ønska å nå.

Seinare ser du på nyheitene at SIAN på nytt har stilt seg opp, denne gongen ved Stortinget.

Dei spreier framleis hat mot islam og muslimar. Denne gangen spyttar dei på koranen. Dei håner det du står for og dine. Du er hata av SIAN, dei vil ha deg ut av landet, og bryr seg ikkje om du skulle døy.

Du er hata av SIAN, dei vil ha deg ut av landet, og bryr seg ikkje om du skulle døy.

Du ser på Debatten torsdag kveld. Det gir meining det Siv Jensen seier om bevaring av ytringsfridomen, og at det betyr at ein må stille ut nesten hundre politi for å beskytte SIAN og deira ytringsfridom mot dei fæle motdemonstrantane.

Om ikkje alle har ytringsfridomen, då har ingen den.

Du tenker lenge på korleis du kan komme i kontakt med SIAN, for å diskutere med dei. Kanskje klarer du å overtyde nokon av medlemmane om at ikkje alle muslimar er så fæle som dei seier.

Ein dag på bussen på veg til skulen, høyrer du at nokon snakkar negativt om muslimar bak deg. Dei seier mykje det same om muslimar som SIAN gjer.

Endeleg skal du få moglegheita til å engasjere deg i debatt å forstå meir kvifor islamofobar hatar deg og din religion. Du snur deg, og ser spent på dei to mennene som sit bak deg. Dei skvett til. De stirrar på kvarande eit kort sekund.

Kvifor hatar de meg?

Du har hatt så mange spørsmål og argument fram til no, men det einaste som kjem opp i hovudet ditt er: kvifor hatar de meg?

Du snur deg tilbake, og sett deg ned igjen, litt flau. Mennene bak deg har slutta å snakke.

Møtet på bussen gav deg eit nytt, og mykje meir viktig spørsmål, i din søken etter ein debatt med SIAN og andre islamofobar.

Korleis debatterer ein mot nokon som ønsker deg død?

– Det er vanskeleg for meg å la hatprat stå uimotsagt, seier Marie Eikland (26), her saman med kampanjekoordinator Eirik Rise (30).