Neste skulestreik er i emning – digitalt
Trass i koronapandemien gir ikkje ungdom opp å streike for klimaet. Dato for neste skulestreik er sett til 25. september.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Datoen er bestemd som global streikedag av organisasjonen Fridays For Future, opplyser Natur og Ungdom.
Koronapandemien vil likevel prege arrangementet, og denne gongen blir det ikkje tusenvis av ungdommar væpna med fargerike plakatar og høge tilrop framfor Stortinget.
I staden har ei rekkje personar og organisasjonar gått saman om å arrangere ein digital partidebatt i skuletida.
– Vi samlar alle stortingspartia til debatt, der dei blir nøydde til å svare ærleg på spørsmåla våre om korleis dei skal løyse klimakrisa. Vi har streika, vi har ropt og politikarane har hatt tallause moglegheiter til å handle. Likevel blir utsleppa reduserte i sniglefart.
Det seier Tina Razafimandimby Våje (17), som har vore ein av initiativtakarane bak skulestreikane i Noreg sidan byrjinga i 2018.
– Covid-19 utelukkar at vi kan skulestreikar i store folkemengder. Klimakrisa utelukkar at vi lèt kravet om klimahandling stilne, seier Våje.
Debatten blir strøymt på Natur og Ungdoms Facebook-side.