6 av 10 seier dei har brote karantenereglane: Ungdomen flinkast

Mads Opheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I undersøkinga har 1.704 personar som har vorte sette i karantene eller isolasjon, vorte spurt om dei har følgt reglane.

Berre 42 prosent svarer at dei gjennomfører karantenetida etter boka, melder NRK.

Blant dei som ikkje held seg heime, har ein tredel symptom.

Berre ein firedel av dei som ikkje har symptom, følgjer karantenereglane.

Dei over 50 bryt oftast reglane

I undersøkinga kjem det fram at dei som oftast brytar reglane, er dei som er over 50 år. 76 prosent av dei mellom 50 og 69 år har brote reglane minst ein gong.

– Det har vore mykje snakk om ungdommar som festar, men i vårt data er det ungdommen som er desidert flinkast til å etterleve karantene og isolasjon, seier professor i helseøkonomi ved UiB, Bjarne Robberstad, til NRK.

Undersøkinga blir rekna som representativ for Noregs befolkning, og er den første delen av ei stor undersøking om korleis nordmenn har reagert på koronapandemien.