Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om det er kjønn, kroppstype, kroppslege behov, etnisitet eller alder, har me som designarar alle eit ansvar for å laga klede som passar for alle forbrukarar.

Det seier den kjende designaren Tommy Hilfiger (69) til den australske avisa The Sydney Morning Herald.

I 2016 starta Hilfiger eit nytt klesprosjekt saman med Mindy Scheier, designar og mor til eit barn med funksjonsutfordringar.

Saman laga dei ein kolleksjon for barn med tilpassingar for brukarvenlegheit og tilgjenge.

Første gong i Europa

No er kolleksjonen for første gong lansert i Europa, og kategorien «adaptive» er til sals på heimesida.

– Mi førstehandserfaring med å ha barn med autisme, har vist meg kva for ein kamp noko  så enkelt som å kle på seg om morgonen kan vera. Det har alltid vore ei stor utfordring i vårt hushald, seier Hilfiger til The Sydney Morning Herald.

Han seier at det å sjå barna sine føle at dei må kle seg annleis enn venene sine, gjorde at han fekk lyst til å sjå på korleis han kunne gjere mote meir tilgjengeleg.

Magnetiske knappar og protese-venlege klede

Førre september vart kolleksjonen for første gong vist under New York Fashion Week. Kolleksjonen, The Adaptive line, er til sals i USA og kjem no til Australia, Japan og Europa.

Designa er laga med modifikasjonar for å gjera dei meir brukarvenlege.

Det er til dømes magnetiske glidelåsar ein berre treng ei hand for å lukka, borrelåsopningar i sida, magnetiske knappar, elastiske midjebånd, justerbare skulderstroppar og breie beinåpninger for å gi rom for protesar og gipsstøyp.

Men Tommy Hilfiger poengterer overfor The Sydney Morning Herald at han ikkje berre kan setje seg tilbake og klappe seg sjølv på skuldra:

– Det vil aldri koma eit punkt der me kan seie: «Ok, no er me inkluderande». Det er ei definisjon som er i stadig endring, og ei reise me alltid vil vere på.

– Eg har aldri laga ein brudekjole før og eg berre kasta meg ut i det med ein gong, ler Mawra Mahmood. 29-åringen er utdanna økonom, men satsar no alt på designdraumen.