Då eg var 20: Sylfest Lomheim var ferieonkel i Bordeaux og drakk vin til lunsj kvar dag

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sogningen Sylfest Lomheim (75) er heile landets språknestor.

Filologen har røkta språket som akademikar og forfattar, språkkonsulent i heile 14 år hjå NRK og som direktør for Språkrådet.

Og kven kan vel gløyme då han fortalde om det norske språkets undergang i beste sendetid?

Som 20-åring hadde han nyleg forlete heimstaden Hafslo for studenttilværet i Oslo:

Klassereisa frå Sogn til Oslo

– Kor var du då du var 20?

– Eg vart tjue den 11. mars 1965 og var då – ikkje uventa – student på Universitetet i Oslo. Kvifor Oslo, og ikkje Bergen? Fordi i Oslo hadde dei Holmenkollen og Bislett. Fødselsdagsmarkeringa den våren hugsar eg ingen ting av; det var jo midt i semesteret, fortel Sylfest Lomheim på e-post til Framtida.no. 

Filologen fortel at ordet klassereise verken var oppfunne eller i bruk i dei dagar, men at det godt skildrar det å reise frå ein gard i indre Sogn til studentlivet i Oslo.

– Ta berre noko så fysisk som å gå. Etter eit år i Oslo hadde eg utvikla ein ny gangart; den måten du går bortover eit flatt fortau på. Heime på Lomheim, med vekslande underlag opp og ned bakkar og ingen asfalt, hadde eg gått annleis. Så eg hadde to gangartar då eg runda tjue!

Fransk ferieonkel

– Korleis var kvardagen? Kva gjorde du?

– Kvardagen var skiftande det året. Eg hadde teke ex.phil. til jul, saman med nokre halvliterar, og las latin heile studieåret, så eg tok førebuande eksamen i latin om våren.

I førelesingsgruppa vart Lomheim kjend med ein annan språkinteressert kar – Torkjell Berulfsen, som han seinare vart kollega med i NRK. 

– Om våren hadde eg òg teke til å snusa på fransk (synest det var høveleg ambisjon for ein tilslørd bondegut frå Sogn), og difor, med hjelp frå Romansk institutt, søkte eg plass på sommarutdanning i Sør-Frankrike som ferieonkel, moniteur de colonie de vacances.

Då venta to veker kursing og seks veker arbeid i ein feriekoloni, alt i nærleiken av Bordeaux.

– Den perioden er nok det sterkaste og mest uutslettelege minnet frå dét året.

Frå herberge til slottet

Reisa nedover midtsommars var eit spennande eventyr for 20-årige Lomheim. Han tok båt frå Oslo til København, tog til Hamburg, og så tog vidare til Gare du Nord i Paris. Han vandra rundt i verdsbyen ein halv dag før han igjen sette seg på toget, og vende nasa mot Bordeaux.

Vel framme sjekka 20-åringen inn på eit firemannsrom i eit herberge, i påvente av kursstart.

– Ingen å snakka med, var åleine i verda (hugs ingen telefon, ingen kontakt …) Den blå jakka min frå russetida året før vart stolen ei natt, der på herberget, av ein nordafrikanar – trur eg.

Kurset vart halde på eit lite slott i nærleiken, og Lomheim var den einaste ikkje-franske som deltok. Men Lomheim fryda seg for no laut han snakke fransk.

Kurslæraren han hugsar best heitte Maurice og var frå den velse franske kolonien Guadeloupe. Han lærte studentane eit par små songar frå heimstaden:

– Dei kan eg enno, som to nydelege minne. Lite kjende er dei i Frankrike, og ingen andre enn eg kan dei i Noreg. Bortsett frå Elin, dotter mi, ho har lært dei no.

Rynka på nasa over vin som snobbar vil betalt dyrt for

Etter to veker på kurs hadde Sylfest Lomheim attestasjon frå La République Francaise på at han var moniteur.

– Eit så drusteleg og høgtidleg diplom har eg aldri hatt i mine hender seinare i livet.

Derfrå gjekk reisa vidare til Pauillac, ein liten landsby ein halvtime frå Bordeaux. Der fekk 20-åringen ansvar for ei gruppe på åtte barn, frå fem til sju år gamle.

Sylfest Lomheim var ferieonkel i ein liten by utanfor Bordeaux i Frankrike. Foto: Privat

– Når det hende at det gjekk gale i buksa for nokon av mine, tok ei av dei franske moniteur-jentene seg av det. Eg song Per Spelemann og Alouette for dei små i begge gruppene medan ho fiksa den uheldige i mi gruppe.

Lomheim fortel at det var full middag i kantina midt på dagen, som god fransk skikk, og påfølgjande siesta i den trykkjande sommarvarmen.

– Me fekk ein halvliter karaffel vin kvar, til maten. Raudvinen var jo litt sur, tykte eg, langt frå så god som heima-ølet i Sogn. Først tjue år seinare kom det opp i meg: tenk at eg sat der midt i eit av verdas beste raudvinsmarker, Medoc, og grein litt på nasa av vinen. Ein vin som snobbar i Oslo ville ha betalt i dyre dommar for å nippa til.

Bandet til Lomheimsgarden

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Visste eg så kva eg skulle bli, der eg sette meg ned att med franskpensumet på lesesalen om hausten? Nei, ikkje i det heile teke. Berre at eg skulle studera meg ferdig og seinare verta noko, der ute i verda. Gjerne langt frå Sogn! Framtida og livet venta; det var ikkje meir presise tankar enn det.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Om eg no hadde møtt meg sjølv som tjueåring, den guten som var i ferd med å finna seg til rettes på Blindern, hadde eg vel sagt noko slikt som at det er heilt ok å ikkje vita heilt kva du skal verta. Ta eitt steg om gongen, hadde eg sagt. Det held, fortel Lomheim, og legg til: 

– Og du kan gjerne verta forelska i ei vestkantjente i Oslo (ja, for det var ei Kristin der på lesesalen som sirkla meg inn og dermed fekk mi interesse). 

Men det er òg éin ting han ville fortalt seg sjølv at han laut passe på:

– Hald på bandet du kjenner til Lomheimsgarden. Ber alltid inni bringa fjella under vesthimmelen heime; dei fjella du som gutunge sat og skoda på der du sat på dørhella utanfor selet på stølen, medan du høyrde lyden koma opp frå under sel-golvet der mor mjølka kyrne.  

– Heldigvis vart det slik, det bandet har alltid vore der. Kanskje takk vere ho mor.


Som 20-åring budde Magne Aasbrenn i metodistkollektiv, og arbeidde på psykiatrisk sjukehus: – Elektrosjokk, isolat, faste dagsrutinar og medisinering á la filmen «Gjøkeredet».

Foto: Privat/ Foto: Noregs Mållag.