FramsidaKULTURSjå dei fantastiske portretta av Little Women-stjernene
Sjå dei fantastiske portretta av Little Women-stjernene
Saoirse Ronan speler forfattarspira Jo March. Emma Watson er systera Meg March og James Norton er friaren John Brooke. Foto: Wilson Webb/Columbia Pictures
Sjå dei fantastiske portretta av Little Women-stjernene
Fotograf Wilson Webb brukte eit 139 år gamalt objektiv og ein endå eldre fototeknikk for å portrettera karakterane.
– Det er veldig utfordrande å skyte, men det vert mykje lettare jo meir ein gjer det, som med nesten alt, skriv Wilson Webb til Framtida.no.
Fotografen har slått seg opp som bakomfotograf på store filmsett i Hollywood. Han har dokumentert prossesen bak to av filmane som knivast om å bli beste film når Oscar-prisane skal delast ut, Marriage Story og Little Women.
Greta Gerwig har skrive og regissert filmen Little Women basert på ein klassisk roman ved same namn av Louisa May Alcott, som kom ut i 1868.
Med seks nominasjonar er filmen blant dei som har gode sjansar under helgas Oscar-utdeling.
Regissør og manusforfattar Greta Gerwig har fått gode skussmål for sin versjon av «Little Women» her er ho med skodespelarane Laura Dern (t.v) og Emma Watson. Foto: Wilson Webb/Columbia Pictures
I tillegg til bakombilete har Webb nytta datidas fototeknikk for å portrettere stjernene:
Saoirse Ronan (t.v) er nominert til Oscar for beste hovudrolle for si tolking av Jo March, medan stjerneskotet Florence Pugh er nominert til Oscar for beste birolle for si rolle som systera Amy March. Foto: Wilson Webb/Columbia Pictures
Teknikken som vert kalla collodion våtplater vart utvikla rundt 1850 av både Frederick Scott Archer og Gustave Le Gray parallelt.
Stillfotograf Wilson Webb prosseserer Laurie (Timothée Chalamet) sitt våtplateportrett. Foto: Kimberly Scarsella og Wilson Webb/Columbia Pictures
På den tida var fototeknikken i rivande utvikling, men i om lag ti år var collodion våtplater det beste tilgjengelege teknikken.
Med våtplateteknikken vert varme fargar mørke og kalde fargar lyse, difor må bileta planleggjast nøye. Her vert Jo March (Saoirse Ronan) Fotografert: Kimberly Scarsella
Fotografen prøvde seg fram med ulike kamera, men endte opp med eit «ganske nytt» britisk kamera som heiter Intrepid 8×10. Til kamaraet festa han ei messingobjektiv (292mm f.3) frå 1881 av merket Petzval, som vart laga i London av London by J.H. Dallmeyer.
Wilson Webb i aksjon med sitt spesialbygde og ikkje særleg mobile kamera, med delar opptil 139 år gamle. Foto: Kimberly ScarsellaHer er utsnittet Wilson Webb såg av skodespelar Louis Garrel, som speler Friedrich Bhaer undervegs. Foto: Kimberly Scarsella og Wilson Webb/Columbia Pictures
Prosessen er omstendeleg og ein feil som kan øydeleggje heile biletet, difor krever det ekstremt fokus og aller helst assistanse, noko Webb stort sett måtte greie seg utan.
Hovudkarakteren Jo March (Saoirse Ronan) sitt våtplateportrett vert utvikla. Foto: Kimberly Scarsella
– Du må læra deg å bli litt kjemikar òg, noko som var ei gøy utfordring. Nokre av kjemikaliane er ganske gufne, som sølvoxid som kan gjera deg blind.
Fotograf Wilson Webb hadde merker på hendene i eit par veker etter innspelinga på grunn av kjemikaliane. Foto: Kimberly ScarsellaPlatene var på omlag 20X25 cm og måtte preparerast i ti minutt. Deretter tek det rundt ein halvtime å vaska og forsegla biletet ved hjelp av ei open flamme etter fotografering. Om ikkje biletet vert forsegla skikkeleg vil det til slutt bli heilt svart. Foto: Kimberly Scarsella
Webb forklarar at fototeknikken responderer på UV-lys, difor brukte fotografar i gamle dagar naturleg lyssetting. Sjølv nytta han seg av blits på om lag 25.000 wattsekund.
– Det var nok til å føle ei heit bølgje og sterk lukt av ozon, rett etter at blitzen gjekk av.
Skodespelarane måtte stå veldig stille, ikkje fordi eksponeringstida var så lang, men fordi så liten del av biletet var i fokus. Etter å ha funne fokus tek det 10-20 sekund å klargjera plata som biletet skal eksponerast på.
Ifølgje Wilson Webb vart Emma Watson så fascinert over teknikken at ho sa ho hadde lyst på eit eige studio heime. Her poserer ho med motspelar James Norton. Foto: Wilson Webb/Columbia Pictures og Kimberly ScarsellaWilson Webb brukte mykje tid på både for og etterarbeid av portretta. Foto: Kimberly Scarsella
Fotografen forklarar at grunnen til at gamle fotografi ser så stive ut delvis er på grunn av eksponeringstida og delvis fordi dei freista å kopiere datidas målestil.
F.v. Father March (Bob Odenkirk), Meg March (Emma Watson) og Beth March (Eliza Scanlen). Foto: Wilson Webb/Columbia Pictures
Sjølv er han strålande nøgd med resultatet og trur at grunnen til at me vert så tiltrekt av fortidas fototeknikkar er eigenarten.
Stillfotograf Wilson Webb og Laura Dern ser på resultatet i det det oppstår. Foto: Kimberly Scarsella og Wilson Webb/Columbia Pictures
Han peikar på den ekstreme forskjellen mellom vår digitale kvardag og ein teknikk der ein brukar ti minutt på eitt bilete.
– Eg veit ikkje resultatet før i siste augneblink og det er alltid noko uventa som gjerne bidreg til skjønnheita i biletet, skriv Webb.
Sjølv trur han at hans manglande erfaring ville gjort han til latter i eit studio på 1860-talet.
– Men no verdset ein teksturane og dei visuelle referansane, avsluttar han.
Chris Cooper, som speler mr. Laurence poserer for fotografen. Med våtplateteknikk kan mykje skje mellom eksponering og ferdig fotografi. Foto: Wilson Webb/Columbia Pictures og Kimberly Scarsella
Collodion våtplater er kanskje ikkje grunnteknikken til Wilson Webb, men stillfotografia han tek på filmsett er det i alle fall ingenting å seie på.
Sjå berre her:
Frå høgre: Meg March (Emma Watson) Jo March (Saoirse Ronan) Amy March (Florence Pugh) på location Bradley Estate Canton MA. Foto: Wilson Webb/Columbia PicturesGreta Gerwig på settet til «Little Women». Dette er hagen til familien March, som historia handlar om. Foto: Wilson Webb/Columbia PicturesMykje tyder på at regissør Greta Gerwig har hatt god dialog med skodespelarane. Her med Saoirse Ronan (Meg March) og Eliza Scanlen (Beth March). Foto: Wilson Webb/Columbia PicturesStjerneskotet Timothée Chalamet spelar rolla som Laurie, og Saoirse Ronan er den sjølvstendige Jo March. Foto: Wilson Webb/Columbia PicturesRegissør Greta Gerwig omkransa av Laurie (Timothée Chalamet),Marmee March (Laura Dern) Jo March (Saoirse Ronan) og Beth March (Eliza Scanlen). Foto: Wilson Webb/Columbia Pictures
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.