Kofta er det finaste plagget eg har, men samstundes det mest sårbare, skriv Márjá Viktoria Langmo Petersen.
Márjá Viktoria Langmo Petersen
Márjá Viktoria Langmo Petersen

Teksten stod først publisert på Facebook, og er sett om og gjengjeven med løyve. 

Bunaden har alltid vore så lett å ta på – eg har aldri hatt tvil om den. Den har liksom vore min tryggleik ved store hendingar som konfirmasjon og liknande.

Kofta har vore mitt sårbare klesplagg. Heilt sidan eg for første gong tok den på. Sidan eg fekk mi første kofte i 2018 har eg grua meg til å ta den på, og gå offentleg. Kofta er det finaste plagget eg har, men samstundes det mest sårbare.

I det eg tar den på føler eg meg som den vesle jenta som skulle starte i første klasse, uvitande om kva som kom i livet.

Eg føler meg svak, eg føler meg lita og synleg – noko eg vanlegvis synest er heilt ok, men i kofta er det nesten meir som ei frykt eller ein redsel.

Eg føler meg svak, eg føler meg lita og synleg

Eg hugsar desember og førpremiere på Jikŋon 2 – Frost 2 på nordsamisk. Eg hugsar at eg tok på meg kofta heilt enkelt.

Eg gjekk langs nedsida av stormen, og ein godt vaksen mann gjekk forbi meg, og før han hadde passert sa han: «Nei, dæven så vakker i kofta!». Og eg vart rørt.

Sjølvsagt fikk eg seinare vete at det ar Halvdan Sivertsen. Altså, hæ?!

Det varma hjartet mitt på alle mogelege måtar når eit så kjent fjes ikkje har noko imot etnisitetar – og endå betre, at han sa ifrå kva han meinte!

Eg hugsar også samisk veke i Fauske i 2019, då Mikkel Gaup hadde høyrt om rettsaken eg tok del i, og sa fint til meg: «Veit du kva du har gjort? Du har laga historie, vakre samejenta vår» og eg kjempa mot tårene.

Det er slike augeblikk som gjev meg guts. Mot til å ta på meg det finaste plagget eg har, guts til å stå opp for det samiske folket!

Utan desse augeblikka veit eg ikkje om eg hadde vore like open om min samiske identitet som eg er no, fordi trust me – det har trilla tusenvis av tårer.

Eg har grete meg i søvn, lagt kofta i skapet og ikkje sett meg tilbake. Eg har vurdert å legge den ned.

Men eg gav ikkje opp, og det er ikkje fordi eg er så jævleg sterk. Det er på grunn av sånne små (eigentleg ganske store) augeblikk med Halvdan og Mikkel som gjev meg guts til å stå oppreist, uansett kor tungt det er.

Desse to bileta er teke med kring eitt års forskjell. Bilete i kofte er 19. juni 2020, det andre bilete er 17. mai 2019.

Det er same person på utsida, men ikkje på innsida.

Kjærleik kan vere mykje, men kjærleiken for eit folk, eit språk, eit klesplagg, eit par sko – kjærleiken for ein kultur er noko heilt anna.


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

– Eg føler veldig mykje på det å ikkje vere heilt integrert i nokon kultur, seier klesdesignar Ramona Salo Myrseth (28), som vert inspirert av sin samiske bakgrunn.

LES OGSÅ

ANNONSE