Valdtektsoffer kan få angst og panikkanfall av munnbind

Overlevande etter valdtekt fortel at bruk av munnbind eller å sjå andre bruka det verkar triggande.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I kampen mot koronaviruset har fleire land verda over innfør obligatorisk maskebruk på offentleg stad, eller i visse samanhengar.

Verdas helseorganisasjon (WHO) anbefalar bruk av medisinske munnbind for koronasjuke personar, personar med Covid-19-symptom, helsearbeidarar, personar i møte med sjuke, personar over 60 år og personar med underliggjande sjukdommar.

Førre fredag kom også den norske regjeringa på banen og rådde personar i Oslo og Indre Østfold om å bruka munnbind på kollektivtransport i rushtrafikken.

I tillegg skal ein bruka munnbind på fly, samt heim frå reiser i karantenepliktige land.

Kan gje panikkanfall og angst

Men munnbind er ikkje uproblematisk for alle. For somme som har opplevd seksuelle overgrep kan munnbind gje voldsame reaksjonar, som tilbakeblikk, panikkanfall og alvorleg angst.

Den britiske organisasjonen The Survivors Trust har gjort ei lita undersøking blant dei som ringjer inn og fortel at omlag ein tredel fortel at det verkar triggande på dei å dekkje til sitt eige andlet eller sjå andre med munnbind.

– Ei betydeleg mengd av overlevande fekk munnen eller nasa deira dekka, eller vart kvalt eller strupa, som del av misbruket og valden dei opplevde, fortel Kate Russell, nasjonal talsperson for Rape Crisis England and Wales til avisa The Guardian.

Ifølgje Mark Ballantyne, terapeut ved Central Alberta Sexual Assault Support Centre (CASASC), er det mange ulike grunnar til at folk reagerer på munnbind. Det kan vere alt frå lukt, tekstur, eller kjensla av å mangla luft.

Terapeuten fortel kanadiske CBC at nokre slit med kjensla av å puste inn varm luft, fordi overgrepet kan ha skjedd under sengetepper eller liknande.

Råd til deg som slit med munnbind

Britiske myndigheiter har gjort unntak for påbodet om munnbind på offentlege stader for personar som opplever alvorleg angst. Likevel fryktar overlevande å bli konfrontert.

Russell meiner folk ser på personar som ikkje brukar munnbind som egoistiske, dumme og uaktsame.

Ho meiner mangelen på bevisstheit skapar legitim angst hjå overlevande etter valdtekt for at dei ikkje skal bli møtt med empati.

Råd til deg som slit med munnbind:

  • Øv på å bruke munnbind heime, eller i eit anna trygt miljø.
  • Finn riktig munnbind – både overflate og passform kan variere.
  • Lag ditt eige munnbind med kult design og venn deg til tanken på å bruka det undervegs i prosessen.
  • Få det til å lukta godt. Påfør ei lukt du synest er beroligande.
  • Spør etter hjelp. Fortel det til nokon du stolar på slik at dei kan støtte deg.

Kjelde: The Survivors Trust, Mark Ballantyne, Central Alberta Sexual Assault Support Centre 

________________________________________________________________________

Les også: Alt du må vite om munnbind

Illustrasjonsfoto av munnbind, Visuals/Unsplash