Seks av ti elevar meiner dei lærte mindre med heimeskule
Seks av ti elevar i Oslo seier dei lærte mindre med heimeskule i koronakrisa, ifølgje undersøking. – Eg sit med ein klump i magen, seier skulebyråden i Oslo.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
12.000 ungdommar mellom 13 og 19 år deltok i undersøkinga, som er gjennomført av Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved Oslomet like før skulane gjenopna i mai.
Nær halvparten var fornøgde med hjelpa dei fekk frå lærarane. Men kvar fjerde elev var direkte misnøgd med undervisninga.
Forskjellar i ulike sosiale lag
I undersøkinga kjem òg fram det at elevar frå høgare sosiale lag kom betre ut av heimeskulen enn dei frå lågare sosiale lag og ungdom med innvandrarbakgrunn.
– Det er klart at den direkte kontakten ein har med lærarane, den trur eg ikkje ein klarer å erstatte gjennom den digitale undervisninga, seier ein av personane bak studien, forskar Anders Bakken ved Oslomet til NRK.
Vil forska meir på heimeskule
Skulebyråd i Oslo Inga Marte Thorkildsen (SV) seier at det er mange elevar som ikkje får den same læringa dei fekk før.
– Så eg sit med ein klump i magen, særleg for dei elevane som har vanskelege heimeforhold, seier ho.
Ho seier at kommunen gjennomgår situasjonen for å få oversikt over korleis heimeskulen fungerte for elevane.
– Vi er veldig opptekne av å få forsking på det frå utsida og at vi sjølv får spurt våre tilsette, elevar og foreldre om korleis dei har opplevd denne situasjonen med heimeskule, seier ho.