Stordalen lokkar studentar med rimeleg hotellrom

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over fleire månader kan prisen bli endå lågare, går det fram av ei pressemelding frå hotellkjeda, som seier dei aldri har hatt så mange ledige rom som no.

– Så kvifor ikkje tilby dei til studentar og andre på jakt etter tak over hovudet? spør driftsdirektør Solveig Voldheim ved Comfort Hotel Norge i pressemeldinga.

Ein kan bestilla seg rom frå 30 og opptil 90 dagar og tilbodet må bestillast før 6. desember og forskuddsbetalast månad for månad.

Viser behov for studentbustader

Leiar Andreas Trohjell i Norsk studentorganisasjon (NSO) trur det kan bli vel dyrt å bu slik, men er glad for tilbodet.

– Dette viser at det er behov for at nokon tek det ansvaret. Eg vil rose Nordic Choice for eit positivt tiltak, men understrekar at dette òg viser behovet for studentbustader, seier Trohjell til avisa Khrono.

Tilbodet gjeld i Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Tønsberg, Oslo, Sarpsborg og Fredrikstad.

Det manglar framleis over 14.000 studentbustader for å nå målet om kor mange studentar som skal bu i ein studentbustad som blir eigd av studentsamskipnadene. Her ved Brann Stadion, der det blir bygde mange studenthyblar. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK