Trump med presidentordre mot TikTok

Om 45 dagar trer den første predientordren mot transaksjonar via båda TikTok og WeChat i USA i kraft.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natt til fredag har president i USA, Donald Trump, skrive under på to presidentordrar som forbyr transaksjonar via TikTok og WeChat frå midten av neste månad.

Frå då av vert det forbode for amerikanske selskap og privatpersonar å utføre transaksjonar med det kinesiske selskapet ByteDance, som eig TikTok, og med Tencent som eig WeChat. Det skriv Washington Post.

– Må beskytte vår nasjonale tryggleik

Begge appane er kinsesiske og mange har kritisert dei i frykt for at styremaktene i Kina kan bruka appane til å overvåke brukarane.

– USA må ta aggressivt grep mot eigarane av TikTok for å beskytte vår nasjonale tryggleik, skriv Trump i ordren.

TikTok har sjølv avvist at dei deler informasjon med kinesiske styresmakter, fleire gonger.

Ikkje forbode å bruka appane

Trump har over lengre tid sagt at han vil forby appane så lenge dei har kinesiske eigarar. Det er framleis uklart kva konsekvensar lova vil få, og om Trump eigentleg kan forby appane totalt.

Det er heller ikkje klart kva type transaksjonar som vert forbodne, men analytikar Paul Triolo i Eurasia Group seier til Associated Press at ordren ser ut til å forby amerikanske app-butikkar som Apple og Google frå å tilby TikTok og WeChat.

Det vil i praksis seie at appane er stengde ute frå den amerikanske marknaden, sjølv om ein vanskeleg kan gjera det forbode å bruka appane.

Førebels har Trump sagt han er villig til å oppheva desse restriksjonane, dersom appane får ein amerikansk eigar. Microsoft er i diskusjonar med TikTok for å kjøpe den amerikanske delen.

Reels. Foto: Instagram

Reels tek opp konkurransen

Instagram har sjølvsagt fått med seg diskusjonane, og torsdag vart deira konkurrent til TikTok lansert i Noreg, USA og 48 andre land.

Den nye funksjonen i story-makaren heiter Reels, og har fleire av dei same funksjonane som TikTok.

Illustrasjonsfoto av TikTok med det kinesiske flagget i bakgrunnen. Foto: Solen Feyissa/Unsplash