«Kan koronakrisa redde klimakrisa?»

Tonje Lillehammer (16)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten var med i skrivekonkurransen til Framtida.no, Magasinett og seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune om «Miljøutfordringar i 2020», og er valt ut til å bli publisert.

Covid-19 herjar rundt om i verda i desse dagar og menneske går i frivillig og ufrivillig karantene. Menneske over heile verda har heimekontor, brukar sprit til å vaska seg grundig og regelmessig. Har me gløymt ut klimakrisa? Den som herja før korona, samtidig korona og som vil forsette etter korona. Eller er koronakrisa løysninga for klimakrisa?

Etter koronakrisa har klimagassutslepp gått ned fleire stadar, til dømes i Kina har det hatt ein reduksjon på 25 % i løpet av berre 4 veker med karantene. Sidan februar har det gått ned med mellom 20 til 30 %, og ifølgje ein forskar vil dette redde 50 000 til 100 000 liv.

Også i land som Italia som har og er kraftig påverka av korona, har vatn i kanalane blitt krystallklare igjen. Så korona reddar klima?

Har me gløymt ut klimakrisa?

Nå som korona har breidd seg ut over heile verda, er det fleire land som blir hardare og hardare ramma. Landa må prioritere smittevern og korona, men vil ikkje dette gå utover korleis landa handlar når det kjem til miljø? Jo, både USA og Kina har mjuka opp reglane. Produksjon av fornybar energi som sol- og vindenergi stoppar opp, fordi det er vanskeleg til dømes å få tak i materialar. Både Klimatoppmøtet i Glasgow og møtet for å redde verdas naturmangfald er utsett.

Er ikkje koronakrisa løysning for klimakrisa likevel då?

Når koronapandemien er over, vil verda gå tilbake til korleis den var før pandemien. Folk vil fly meir, køyre meir og forbruke meir.

Så koronapandemien er berre ei mellombels løysing?

Ja, ein kan sjå at utslepp går ned, men dei vil gå opp igjen så fort korona er over. Difor er det endå viktigare at alle er med på å nedkjempe både koronapandemien og klimakrisa.


Les også intervjuet med Paulina (18) som gjekk av med sigeren: Netflix-dokumentar fekk ho til å sjå på klima med nye auge

Paulina Majkowska

Paulina Majkowska (18) frå Sotra utanfor Bergen meiner alle kan gjera noko for klimaet. Foto: Privat