Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tusen, tusen takk! Dette hadde eg ikkje forventa. Eg har aldri vunne noko som helst før, så dette var veldig kjekt, seier 18 år gamle Paulina Majkowska tydeleg rørt og lukkeleg.

Ho vann i konkurranse med kring 90 tekstar som blei sendt inn i den nasjonale skrivekonkurransen.

I vinnarteksten sin samanliknar ho den globale oppvarminga med kva som skjer med menneskekroppen når me får feber.

«Havet, som absorberer mest varme, er som blodet som koker i våre blodårer», skriv ho mellom anna.

– Eg er veldig opptatt av klima. For ikkje så lenge sidan såg ein dokumentar på Netflix som handla om korleis korallane døyr ut i havet. Der blei kroppstemperaturen vår samanlikna med verda som blir varmare. Det fekk meg til å sjå på klima med nye auge, og det fortel kva ein temperaturauke på to grader og meir har å seia.

– Når me tenkjer på jorda, så er ho så stor at me ikkje ser at me øydelegg ho. Det er viktig å hugsa på at me berre har éin planet.

– Alle kan gjera noko i kvardagen

Paulina Majkowska bur på Sotra, der ein døyande kval vart funnen med 30 plastposar i magen i 2017.

– Det var heilt forferdeleg og grufullt at me menneskene har klart å gjera noko slikt, seier ho.

18-åringen trur det kan ha vore med på å auka miljøengasjementet ho har.

I vinnarinnlegget skriv ho at det handlingane våre viser kven me er.

– Det er kanskje banalt, men me alle kan gjera små tiltak i kvardagen – alt frå å sortera boset vårt til å gå i staden for å køyra bil så ofte.

Vil gjera noko for bra for verda

Paulina Majkowska er nettopp ferdig med VG2 på Bergen Katedralskole. Der tek ho studiespesialiserande med realfag.

I framtida vil ho gjera noko som er bra for verda, seier ho.

– Eg vil studera og jobba med vitskap, og har tenkt på menneske og medisin, men òg forsking generelt. Eg likar veldig, veldig godt å skriva, så det kan også vera noko eg går vidare med, seier ho.

LES OGSÅ: – Nesten alle korallrev vil vera borte om 20 år

Får ros for sterke språklege bilde

Skrivekonkurransen blei arrangert av Framtida.no, Magasinett og seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.

I juryen sat redaktør i Framtida.no og Magasinett Svein Olav B. Langåker og Helge Skurtveit, Anja Aga Ramstad og Astrid Sundset Moe frå seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.

Juryen rosar Paulina Majkowska for sterke språklege bilde, originale refleksjonar og tydeleg kunnskap og engasjement.

Les heile vinnarteksten her:
Appell til framtida: Vi er på kurs til å øydelegga det som har vore urørt i fleire tusen år

Paulina Majkowska (18) frå Sotra utanfor Bergen vann skrivekonkurransen til Framtida.no, Magasinett og seksjon for bibliotekutvikling i Vestland med dette innlegget. Foto: NASA og privat