75 år sidan Hiroshima: – Atomflaksen vil ikkje vare evig

Rahman Chaudhry
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På torsdag er det 75 år sidan det verste atomåtaket verda har sett. Flyet med namnet Enola Gay sleppte bomba Little Boy over Hiroshima, og tre dagar seinare sprengde Fat Boy over Nagasaki.

– Ein anslår at meir enn 210.000 menneske døydde innan året var omme. 120.000 døydde med ein gong, andre i månadane etter kvart.

Dagleg leiar for Nei til Atomvåpen, Akari Izumi Kvamme. Foto: Nei til Atomvåpen

På Sentralen i Oslo sentrum sit Akari Izumi Kvamme. Dei siste dagane har vore hektiske for leiaren av Nei til Atomvåpen, men ho tek seg tid til å fortelje om dei humanitære konsekvensane av å nytte det farlegaste masseøydeleggingsvåpenet som finst. Og ho går rett på sak – meir enn 210.000 menneskeliv.

Dei som overlevde åtaka i Hiroshima og Nagasaki har eit eige namn: hibakusha. Dei er nokre av dei viktigaste tidsvitna på kloden. Men dei blir færre og færre for kvart år som går.

Og Izumi Kvamme byrjar å bli utolmodig. 

Bilete av ein hibakusha, ein som overlevde åtaka i HIroshima og Nagasaki. Frå National Peace Memorial Hall for the Atomic Bomb Victims. Foto: Akari Izumi Kvamme

– Det er ei skam om vi ikkje får eit forbod mot atomvåpen på plass før den siste hibakusha går bort.

For samstundes som rørsla mot atomvåpen skal markere 75-årsdagen for åtaka på Hiroshima og Nagasaki, seier atomstatane nei til nye avtalar om nedrusting, og lar dei eksisterande avtalane gå ut på dato utan fornying. Atomvåpna blir meir moderne, og spenningane aukar. 

Kva hende den 6. august 1945, og korleis enda vi opp der vi er no?

Kva hende?

Akari Izumi Kvamme gjev Framtida.no ein historietime-repetisjon. 

– 6. august 08.15 blei den første bomba, Little Boy, sleppt over Hiroshima, ein stad med 300.000 innbyggjarar. På eit augeblunk jamna denne bomba alt innanfor halvannan kilometer radius med jorda, seier ho. 

Izumi Kvamme beskriv enorme konsekvensar for infrastruktur, natur og menneske. Tre dagar seinare blei bomba Fat Man sloppen over Nagasaki. 

– Eg vitja båe Hiroshima og Nagasaki i fjor, under verdskonferansen mot atomvåpen, seier Izumi Kvamme.

Å leggje lanterner i vatnet er blitt eit symbol på fred og rørsla mot atomvåpen. Frå eit lanterne-rituale i Nagasaki. Foto: Akari Izumi Kvamme

Ho er sjølv halvt japansk og hadde vore i Japan fleire gonger før, men aldri i Hiroshima og Nagasaki. Ho seier det er ei surrealistisk oppleving å vitje to byar ein veit har vore i grus, men som no er moderne storbyar. 

– Det vi også lærte då vi køyrde frå Hiroshima til Nagasaki, var at Nagasaki eigentleg ikkje skulle vere eit mål, seier Izumi Kvamme. 

– Ein anna festningsby, Kokura, var det opprinnelege målet. Men dårleg sikt gjorde at flyet endra kurs. Det viser kor tilfeldig krigen kan vere.

Det er fleire fredsmonument i Hiroshima og Nagasaki. Eit av dei som gjorde eit stort inntrykk på Izumi Kvamme var Barna sitt fredsmonument i fredsparken i Hiroshima. 

Nei til Atomvåpen har i desse dagar ei utstilling på Youngstorget i Oslo. Her står dagleg leiar i Nei til Atomvåpen ved eit bilete av Sadako Sasaki, som har blitt eit symbol på kampen mot atomvåpen. Foto: Nei til Atomvåpen

– Det er ein høg statue av ei jente som heit Sadako Sasaki. Ho var to år då bomba fall ned på Hiroshima. 

– Ho overlevde, men døydde av leukemi ti år seinare. Før det rakk ho å brette meir enn tusen origami-traner. 

I fylgje ein japansk legende får du eit ynske oppfylt om du brettar tusen traner. Sasaki og origami-tranen har sidan ho døydde blitt eit symbol på fredsrørsla og kampen mot atomvåpen. 

Noreg vil ikkje signere forbod

Izumi Kvamme seier atomtrusselen i dag er større enn på lenge. 

– Den globale situasjonen er prega av at atomstatane rustar opp. Internasjonale avtalar fell vekk. Spenninga mellom atomvåpenstatane aukar. 

Samstundes som at risikoen for nytting av atomvåpen aukar, valde Noreg å boikotte forhandlingane om FNs atomvåpenforbod i 2017.

Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Ine Eriksen Søreide på FNs generalforsamling i oktober 2019. Noreg har so langt ingen planar om å signere FNs atomvåpenforbod.
Foto: Pontus Höök / NTB scanpix

– So langt har ikkje nokon atomvåpenstatar signert forbodet, og Noreg meiner det ikkje er forenleg med å vere i allianse med atomvåpenstatar å signere forbodet mot atomvåpen, seier Izumi Kvamme. 

– Men ein rapport som blei publisert av Folkerettsinstituttet i 2018 viste at det ikkje er nokon juridiske hindringar for NATO-medlemsland i å signere forbodet. Har ein politisk vilje, kan Noreg ta eit tydelegare standpunkt, og signere forbodet. 

Izumi Kvamme seier Noreg tidlegare har vore sentrale i arbeidet mot atomvåpen. 

– Det var ein humanitærkonferanse i Oslo i 2013 som Noreg var sentral i å arrangere. Det var eit viktig steg i forkant av atomvåpen forbodet. 

Men atomvåpenforbodet har dei altså ikkje signert. 

– Noreg må ha eit større fokus på dei katastrofale humanitære konsekvensane som kjem med atomvåpen. 

– Vi har hatt mykje atomflaks

Izumi Kvamme er optimist for framtida, sjølv om ho meiner det er langt igjen å gå. 

– Eit fleirtal av landa i verda er for atomvåpenforbodet. Ein liten minoritet med atomvåpenstatar kan ikkje true heile verda si med masseøydeleggingsvåpna sine. 

Frå Nei til Atomvåpen sin utstilling på Youngstorget. Foto: Nei til Atomvåpen

Ho meiner FNs atomvåpenforbod er det fremste verktøyet for å skape ei atomfri verd. 

– Forbodet gjer at ein etter kvart kan forandre korleis vi pratar om atomvåpen. Vi kan byrje å seie at det er utdatert og illegitimt å truge med atomvåpen. Det kan ikkje halde fram med å vere eit symbol på makt. Avskrekking. 

Izumi Kvamme seier at ein aldri kan utelukke at det utenkjelege skal hende.

– Vi har hatt mykje atomflaks. Det har vore fleire nestenulukkar og tilfelle der misforståingar og feiltolkingar nesten har ført til nytting av atomvåpen. 

– Men atomflaks vil ikkje vare evig. No har vi moglegheita til å gjere noko med det, før det utenkjelege skjer. 

Krev eit forbod

Rørsla mot atomvåpen skulle eigentleg ha ein stor konsert i Oslo for å markere 75-årsdagen. I staden blir det eit stort digitalt arrangement, og sending på NRK og via Koroneserien. Izumi Kvamme ser båe oppsidar og nedsidar med det. 

– Det har vore utfordrande å organisere markeringa i år. Men med ei digital sending kan jo fleire over heile landet vere med.

Reklameplakat for markeringa mot atomvåpen. Illustrasjon: Nei til Atomvåpen

Fellesmarkeringa, der meir enn 30 organisasjonar deltek, blir vist på NRK1 og blir strøyma på Koroneserien. Formålet bak markeringa er krystallklart: 

– Vi skal minnast ofrane, men gjere det med handling, seier Izumi Kvamme, og legg til:

– Vi skal krevje at Noreg ratifiserer FNs atomvåpenforbod.

Fotograf Reid Blackburn (27) leverte bilete til både National Geographic, USGS og lokalavisa The Columbian, rakk ikkje køyra vekk før han vart gravlagd og kvalt av oska frå Mount St. Helens. Foto: Danial Dzurisin, Wikipedia