Min fyrste sommarjobb: Emilie Christensen var sjøhest og drage

Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 03.05.2021 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tidenes noregsferie-sommar kunne vi ikkje tenke oss nokon bedre å snakke med enn ho som syng desse linjene:

Jeg burde kanskje reist hele jorda rundt. (…) Men for meg er Norge passe (…) Og jeg vil se Prekestolen, Lofoten, Hardanger, Oscarshall. Og jeg har aldri sett elg.

Emilie Stoesen Christensen er best kjend som vokalisten i popgruppa No. 4, som har vore nominert til fleire Spellemannsprisar. Men visste du at ho også er skodespelar og har skrive ei barnebok? Og at sommarjobben, eller i alle fall ekstrajobben, hennar sidan ho var 11 år har vore å dubbe filmar?

Ofte må ein vere både gut 5, jente 17, dame 68, sjøhest og drage på éin og same dag!

Korleis fekk du jobben?

Eg fekk prøve meg på rolla som dottera til Ariel i Den lille havfruen 2, fordi eg dreiv og song allereie då. Den rolla fekk eg ikkje, men eg fekk mykje anna rart etterkvart.

Min fyrste sommarjobb: Bjarne Lagesen var purkeskjerar

Kva bestod arbeidsoppgåvene dine i?

Eg dubba teiknefilmar og seriar med ulike stemmer. Ofte må ein vere både gut 5, jente 17, dame 68, sjøhest og drage på éin og same dag!

Hadde du sommarjobben i fleire år?

Eg har jobben framleis! Det er ein veldig fin sidejobb, enten det er sommar eller vinter, for meg som er frilansar. Fleksibelt og hyggeleg og gøy!

Pesing, pusting, gråt og latter kan vere pinleg å spele inn.

Kva var det beste med jobben?

Det var jo ein veldig stas jobb å ha då, særleg då eg var barn og ungdom. Det var til og med nokre som ba om autograf.

Kva var det verste?

Det verste var at eg i ganske mange år syntest mykje av det var veldig flautt. Til dømes kan pesing, pusting, gråt og latter vere pinleg å spele inn! Eigentleg kan eg framleis bli flau, men no skal det litt meir til.

Emilie Stoesen Christensen som 11-åring ilag med foreldra: den kjende jazzmusikaren Jon Christensen og tidlegare kulturminister Ellen Horn.

Kva var den største tabba du gjorde?

Eg har sikkert gjort mykje slett arbeid, men det raraste eg opplevde av sløvheit frå mi side var ein gong eg skulle ned og dubbe, men så var heile bygninga som studio låg i forsvunne! Eg hadde sikkert fått beskjed, men eg visste altså ikkje at dei hadde flytta til andre sida av byen. Den dagen kom eg for seint …

Kva lærte du?

Eg har lært mykje om mi eiga røyst, og mykje om å jobbe i studio. Til dømes har eg blitt effektiv, og god til å ta opp problem kjapt og greitt. 

Kven blei du kjend med?

Eit utal teknikarar og regissørar! Ein vert jo sitjande og prate om alt mellom himmel og jord, så eg føler at eg kjenner mange av dei godt, og dei kjenner nok meg også. Eg synest det er veldig hyggelig å treffe folk litt sånn på «kontoret», ettersom hovedjobben min går ut på å site for meg sjølv og skrive.

Eg spanderte gjerne ein cheese eller ein sundae-is med ekstra saus i botnen på Ingeborg og Julia.

Sjølv om eg ofte kosar meg med Ingeborg og Julia (Ingeborg Marie Mohn og Julia Witek, red.anm) og resten av bandet i No. 4 også.

Emilie Christensen har den norske stemma til mor til Chihiro i Studio Ghibli-filmen Chihiro og heksene. Foto: Arthaus

Kva brukte du pengane til?

Eg brukte det meste då eg fekk tilgang på dei ved fylte 16 år. Då åt eg lunsj på McDonalds i Thorvald Meyers gate nesten kvar dag, medan eg gjekk på Foss Vidaregåande Skule. Eg spanderte gjerne ein cheese eller ein sundae-is med ekstra saus i botnen i ny og ne på Ingeborg og Julia. Burde hatt BSU.

Ingrid Johannesen frå Fetsund (t.v.) (21) og Sandra Skiaker frå Nittedal (22) elskar å vere sine eigne sjefar. Foto: Privat