Søkartala til masterutdanning aukar
Universitetet i Oslo (UiO) opplever ein auke på 13,6 prosent i talet på søkjarar til masterstudiane sine. Også Universitetet i Bergen og BI melder om auke.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ved UiO har det vore ein generell auke dei siste åra, og i år fekk om lag 4.000 av nærare 9.000 søkjarane plass ved eit masterstudium, skriv Dagens Næringsliv.
– I år ser vi nok litt fleire på grunn av ein utfordrande arbeidsmarknad. Eg trur likevel studentane stort sett vel med hjartet, seier rektor Svein Stølen ved UiO.
Det er tverrfaglege studieprogram som Peace and Conflict Studies og Fornybare energisystem som er mest populære. I Bergen er det masterprogramma psykologi og pedagogikk som er mest ettertrakta.
Les også meiningsinnlegg om høgare utdanning: Inntaket til høgare utdanning må bli meir rettferdig!
– Med ein uviss arbeidsmarknad og generelt uvisse tider, er det ikkje overraskande at mange vel å ta meir utdanning. I arbeidslivet er det generelt høg etterspurnad etter kompetanse på masternivå, seier viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, i ei pressemelding.
Handelshøyskolen BI har teke inn 777 studentar på masterprogramma sine. Det er ein oppgang på 21 prosent frå same tid i fjor, og det er finans, logistikk og strategi som aukar mest.