«Ein treng ikkje å passe inn i «boksane» som samfunnet har skapt»

Stijn Poland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne månaden skulle det eigentleg ha gått fargerike tog gjennom gatene. Månaden der vi feirar at vi kan få være oss sjølv og at alle er inkluderte.

Pride betyr ekstremt mykje for mange. I tillegg til at det er ein måte å kjempe for rettane våre på. Det er absolutt nødvendig å ha Pride og vi er dessverre fortsett langt frå over med å kjempe for rettigheitene våre.

Mobbing og utestenging

Eg personleg har strevd i mange år med prøve å «passe inn» i samfunnet, og allereie før eg fekk moglegheita å kome ut av skapet vart eg mobba.

Eg var rett og slett annleis.

Mobbinga førte til store psykiske skader. Heldigvis tok eg litt igjen på mobbarane rett før eg bytta skule frå 9. til 10. klasse.

Kvelden før siste skuledag i 9. klasse klipte eg alt håret mitt kort

Kvelden før siste skuledag i 9. klasse klipte eg alt håret mitt kort. På den nye skulen min vart eg utestengd, for eg var verken jente eller gut.

Les også: Den store regnbogeordlista

Denne helga er det Pride-paradar både på Stord og i Trondheim. Foto: Kelly Bell photography, Flickr CC-commons

Denne helga er det Pride-paradar både på Stord og i Trondheim. Foto: Kelly Bell photography, Flickr CC-commons

Ein ny start

Vidaregåande ga meg ein moglegheit for å starte heilt på nytt. Ingen skulle lenger få lov til å trekke meg ned berre fordi eg var trans og bifil.

Det var som om det gjekk opp eit lys for meg. Viss eg ikkje kjempar for meg sjølv og dei som har det tøft då får vi aldri det samfunnet alle ønsker seg. Eit samfunn der alle kan få være seg sjølv, det er draumen. Være seg sjølv uansett rase, alder, kjønn eller legning.

Pride for meg er alle dei følelsane det gir meg. Dei negative følelsane som blir overdøyvd av alt det positive. Plutseleg så blir ein minna på at ein ikkje er aleine, det er så mange fleire! Ein får ein påminning om kvifor ein kjemper for at ein skal få eit betre liv, for ein kjemper ikkje berre for seg sjølv men også alle som kjem etter. Pride viser at vi er mange og at vi er sterke ilag.

Vi er alle menneske

Sidan eg er open om at eg er skeiv har eg fått lov til å hjelpe andre.

Dei har kome bort til meg og hatt lyst til å snakke og høyre om korleis eg torde å stå fram som open skeiv. Pride gir dei motivasjon til å ha lyst å kome ut av skapet sjølv.

Det gir ein motivasjon og ei støtte. Det viser at det vil alltid være folk der ute som vil akseptere deg for den du er! I tillegg så viser det at andre ikkje skal få lov til å fortelje oss kven vi skal være. Vi er alle menneske og alle menneske er unike på kvar sin måte.

Ut av «boksane»

Det er viktig å markere Pride uansett. Ingenting skal få hindre bodskapen Pride har med seg. Nemleg at det er greitt å være seg sjølv, ein treng ikkje å passe inn i «boksane» som samfunnet har skapt over åra.

Det å markere Pride digitalt når ein ikkje kan ha det fysisk er heilt fantastisk. No kan mange få den årlege påminninga, og følelsen av å ikkje være aleine. Kanskje til og med den siste motivasjonen ein treng for å endeleg tørre å kome ut av skapet.

Har du noko på hjarta? Send oss ein e-post på tips@framtida.no

I fjor deltok Ragnhild på si aller første Pride-feiring. I år vert feiringa av SoFjo PRIDE heildigital. Foto: Privat