Ferie i hovudstaden i sommar? Her får du Oslo-tips

Skjulte bruktbutikkperler, koselege kafear og badeplassar. Dette bør du sjekke ut om du skal Oslo i sommar.

NPK – Gunn Marit Kvåle
Publisert

Kva har Karl Johan, Operaen og Slottet til felles? Jo, det er gjerne dei første attraksjonane turistar strøymer til etter innsjekking på hotellet er unnagjort.

Men tigerstaden har mange andre spennande krikar og krokar å få med seg. Uansett om du reiser med born, ein vennegjeng, på kjærestetur eller åleine; her får du dei beste tipsa våre til å få meir ut av Oslo-ferien din i sommar.

Strandliv i Paradisbukta

Sommaren er her, og i Oslo finst det ei rekkje fine bademoglegheiter – både i og utanfor sentrum.

Oslobukta, Sørenga og Operastranda er sentrale alternativ. Ønskjer du litt meir fred og ro, kan vi varmt tilrå blant anna Frysja, Nydalen og Nordstrand Bad. Er de ein større gjeng, book KOK-cruise! Her får du ein totimars tur ute på fjorden, heilt for dykk sjølv, seier Irja Eliassen, som jobbar i Visit Oslo.

Dei finaste badeplassane finn du derimot på Bygdøy. Følgjer du ein grusveg frå Huk og går ca 450 meter innover i skogen kjem du til Paradisbukta. Namnet har ikkje kome utan grunn. Om det er ein stad du skal nyta strandlivet i Oslo så er det her.

Ifølgje Eliassen er Bygdøy også ypparleg for barn og barnefamiliar. I tillegg til mange strender, ligg Kon-Tiki-museet, Frammuseet og Norsk Folkemuseum her.

– Ønskjer de å besøkja øyar i Oslofjorden, går det øybåtar fleire gonger i timen til blant anna Hovedøya og Gressholmen med fine bade- og piknik-moglegheiter for store og små! Vi kan også varmt tilrå Båtservice Sightseeings nyleg lanserte minicruise – ein 50-minuttars tur rundt i Oslofjorden om bord på ei sjørøvarskute, seier Eliassen.

Tips til utandørs aktivitet

Visit Oslo får stadig spørsmål frå tilreisande som ønskjer deira personlege tips til kva dei bør få med seg i Oslo.

– Dei blir ofte veldig positivt overraska over kor mykje det er å gjera i Oslo, og vi får høyra at dei gjerne skulle ha sett av fleire dagar til opphaldet sitt i hovudstaden for å rekka å sjå meir av byen, seier ho.

Når vêret speler på lag er det mange som etterlyser opplevingar og attraksjonar utandørs, og då tilrår Eliassen Vigelandsparken, Roseslottet, Ekebergparken, Kollensvevet, sommarparken «Høyt & Lavt» eller Botanisk hage.

– Både utanlandske og nasjonale reisande gler seg også stort over at Slottet akkurat har opna for besøkjande igjen, legg ho til.

Nord-Europas største, etande takhage

Befinn du deg i områda Løren eller Storo-Sinsen kan det vera artig å sjekka ut takhagen på Økern Portal.

Takparken er på heile 7.000 kvadratmeter og inneheld løpebane, treningsapparat, bikubar, meitemarkhotell, sitteplassar, strålande utsikt over Oslo, i tillegg til store areal for dyrking av grønsaker, urter, frukt og bær.

I dette området ligg også Hovinparken, som er eit godt turtips. Her er det store grassletter og ein dam med svaner.

Beste utsiktspunkt

Grefsenkollen er ein fin turdestinasjon for både store og små. Med utsikt over byen og bading i Trollvann, er dette eit godt alternativ til utandørs aktivitet som er litt utanfor det tradisjonelle turistopplegget.

Om ein ønskjer å ta turen til eit anna utsiktspunkt over byen finst det fleire benkar i Ekebergparken med storslått utsikt. For dei som hugsar det, var det her dei kjende karakterane Noora og William hadde deira første date i serien SKAM.

Shopping i Bogstadveien

Det mange utanfrå ikkje veit er at Bogstadveien har mange av dei same butikkane som på Karl Johan. Skilnaden er at du slepp dei mest rotete butikkane og lange køar.

– Er du heller ute etter eksklusive motemerke, er Promenaden i Oslo sentrum perfekt for deg. Og ønskjer du å oppdaga nye norske merker, finn du flust av dei i Oslobukta, fortel Eliassen.

Bruktbutikken på Hasle

Blant unge er det ei auka trend å gå i bruktbutikkar for å leita etter vintage-skattar, og på Grünerløkka finst eit breitt utval.

Tek du T-bana til Hasle, går du av rett ved M&E Secondhand. Ein stor bruktbutikk som har alt; servise, møblar, lamper, vinylplater, klede osv. Butikken har også svært gode prisar, så her klarar du truleg ikkje å gå tomhendt ut att.

 

Dei beste kaffipausane

For dei som ønskjer å koma litt tettare på korleis byen vert brukt av dei som bur der fast, finst det ei rekke hyggelege nabolagskafear på til dømes St. Hanshaugen og Tøyen. Desse er ikkje like kjende blant dei som kjem utanfrå.

– Sjølv om mange av dei større aktivitetane og attraksjonane finst i sentrum, er det massevis som absolutt burde bli sett, bli smakt og besøkt litt lenger ut av sjølve gryta, seier Eliassen.

5 sjarmerande kafear:

  1. Fuglen, Pilestredet
  2. Baboo, Solli
  3. Vanitè, Aker brygge
  4. Håndbakt, Tøyen
  5. Oslo RAW, Frogner

Frognervandring

Ein fin søndagsaktivitet kan vera å ta ei gatevandring på Frogner. Her finn du alle dei klassiske bygardane i ulike fargar, stelte hagar, og mange hyggjelege matstadar.

Start i Frognerparken og gå nedover gjennom Frogner, og Briskeby, forbi statsministerbustaden og ned att til Slottsparken. Den italienske restauranten Vineria Ventidue på vegen kan tilrådast – spesielt for to.

Tilrår Oslobukta

Vi spør Irja Eliassen frå Visit Oslo om hennar personlege restauranttips i byen.

– For lunsj har Vespa og Humla raskt vorte ein favoritt for meg.

– For middag tykkjer eg Matscena i Oslo verkeleg har teke mange steg opp dei siste åra, og det finst gode alternativ frå alle kjøkkena i verda. Ønskjer ein middag for to og hyggeleg uteservering er FYR Bistro og Bar absolutt å tilrå. Er de ein større gjeng, kan til dømes Barcode Street food vere eit godt alternativ. Her kan ein velja og vraka i alt frå indisk til bacalao, seier ho.

– Kva for ein bydel vil du trekkja fram?

– Alle bydelane har jo sin eigen sjarm, men om eg skal trekkja fram éin, er Oslos nye bydel Oslobukta absolutt verd eit besøk. Her har det skjedd veldig mykje dei siste åra, og bydelen har utvikla seg til å bli ein hyggeleg oase med gode restaurantar, spennande barar og butikkar, og badeplass for dei som ønskjer å kjøla seg ned i sommarvarmen, seier Oslo-entusiasten.