Du får ikkje erstatning for reisefrykt
Mange med reiseplanar ringjer i desse dagar forsikringsselskapa fordi dei er engstelege for å reise på grunn av koronaviruset.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Reisefrykt gir derimot ikkje erstatning om du avbestiller ein planlagt tur.
– Vi forstår at mange er redde for å bli smitta på flyplassar og fly, men ein får ikkje erstatning for generell reisefrykt, seier kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg Forsikring i ei pressemelding.
Dersom du skulle få koronavirus på reisa, dekkjer dei legeutgifter, medisin og utsett reise på lik linje med annan akutt sjukdom.
– Føresetnaden er at du ikkje har reist til eit land som UD og vi rår frå å reise til.
- Les også: Treng vi å frykte koronaviruset i Noreg?
Kina og Italia blir dekt
Tryg dekkjer avbestilling for reiser til Kina og Hongkong som er gjort før UDs reiseråd vart publisert 25. januar i år.
I tillegg har Tryg utvida avbestillingsdekninga til å gjelde Lombardo- og Veneto-regionane i Italia.
Avbestillingsdekninga gjeld reiser med avreisedato til og med 15. mars.
Ikkje erstatning om du må i heimekarantene
– Skulle du bli halden tilbake av lokale styresmakter og bli sett i karantene, blir dette dekt over reiseforsikringa som sjukdom på reise, så sant du kan vise dokumentasjon frå lege eller offentleg helsevesen, seier Irgens.
Dersom arbeidsgivar pålegg karantene heime i Noreg, vert dette ikkje erstatta, og reiseforsikringa dekkjer ikkje tapt arbeidsforteneste.