Runa og Lars brukar 20-åra til å oppleve verda

Eit plutseleg friår for Runa Tranøy Aasheim leia til at ho og kjærasten, Lars Lorentzen Kverne la ut på si første lengre reise. Sidan har det berre «balla på seg».

Frida Tvedte Matre
Publisert

Medan venane til Lars Lorentzen Kverne (23) og Runa Tranøy Aasheim (24) er komne i fasen kor dei kjøper seg bustad, prioriterer kjærasteparet frå Stord pengane og tida si på noko anna. Dei siste åra har dei gjort alt frå safari gjennom Afrika til å dykka med galápagoshaiar utan bur på Hawaii.

Sjølv om dei lenge har likt å reise, oppstod den verkelege reiselysta då Aasheim skulle i militæret som 19-åring.

– Så skjedde livet rett og slett, som gjorde at eg ikkje fekk lov å vere i militæret likevel. Då blei eg kasta ut i eit ufrivillig friår. Det var litt sånn: «Oi, kva skal me gjere no?» fortel Aasheim på telefon til Framtida.no.

Ho ville ikkje kaste vekk eit år av livet. Då dukka ideen om å oppfylle reisedraumen, og ho spurde om sambuaren ville bli med på backpacking.

– Det blei han med på. Han var lærling, så me høyrde med sjefen om det kunne passe, og det fekk ho til å fungere. Då vart det sånn: «Me må i alle fall gjere noko som er verdt det».

Avbroten tur

Ei backpacking-rute på seks land, Maldivane, Australia, Indonesia, Japan, Filippinane og Vietnam, venta på dei. Det var berre ei hake, dei la ut på turen i byrjinga av 2020. Koronapandemien braut ut då dei var kome til Australia.

– Turen blei kansellert, og me blei sendt heim. Så me fekk eigentleg ikkje vere så lenge på reis. Me var vel vekke i rundt éin og ein halv månad, seier Aasheim

Men kjærasteparet kjende seg ikkje ferdige. Dei måtte reise på nytt.

Etter korona hadde roa seg, i jula 2021, våga dei seg ut å reise ut igjen.

– Me budde i Oslo, og eg hadde fri frå skulen lenge i juletider. Så me fann ut at me like godt kunne vere ein månad i Thailand, som ein månad i Noreg, fortel ho.

– Det var litt stress å reise akkurat då for ein måtte få koronapass og fylle ut andre ting for å kunne kome seg ned dit, men det var verdt det fordi prisane var veldig billige, legg Kverne til.

Thailand-turen vart ikkje avbroten av pandemien, og etter dette har reiselysta berre «balla på seg». Det er Asia, Afrika, Hawaii og Australia dei fleste flybillettane har vore booka til.

På spørsmål om kva dei likar best med å reise svarar dei lett – det er havet.

– Me har funne dykkeinteressa saman, snorkling og med og utan tank. Så me har veldig mange minner kor me svømmer med ulike haiar og kvalar. Det er eigentleg det som har vore det store for oss, seier Aasheim.

Det har eigentleg blitt slik at dei legg opp reiseruta til der kor det er gode mogelegheiter for dykking. 

– Då me skulle på backpacking første gong, reiste me til Maldivane fordi Lars alltid har hatt ein draum å svømme med kvalhai, fortel ho.

Dei peikar på Maldivane som den beste plassen dei har dykka, men då hadde dei framleis ikkje teke kurs med tank, så den gongen var det berre snorkling.

– No i seinare tid har me teke dykkarsertifikatet i Thailand, så dei neste reisene tenkjer me at det blir skikkeleg dykkeferie, forklarar Kverne.

 

Over 110 000 følgjarar

Dei har ikkje noko plan på kor lenge dei ynskjer å halde oppe reisinga, men har slått seg til ro med at dei kjem til å drive med det i ei stund framover.

– Eg driv litt på med TikTok, og det går veldig bra, om det er lov å seie. Det har blitt ein draum at me kan få til å leve av det. Det er ein stor draum, men det er det me håpar på, seier Aasheim.

Heilt sidan dei reiste på backpacking første gong har dei publisert bilete frå turane på Instagram-kontoen @goeastwithus, men det var då Aasheim tok i bruk TikTok for rundt eit år sidan at det verkeleg tok av.

– Når folk byrja å bruke TikTok så var det for det meste folk som var litt yngre enn oss, og då tenkte eg at me ikkje kunne hive oss på denne trenden, ler ho.

Men så var TikTok komen for å bli, og då tenkte ho at ho berre måtte prøve. I dag har ho over 110 000 følgjarar på appen.

– Plutseleg berre slo det an, og jo meir eg legg ut, jo meir følgjarar får eg. Eg trur ikkje eg heilt skjønar kor mange som følgjer meg, fordi det er jo berre eit tal. Eg kjem frå Stord, det er ein liten plass, og følgjarane mine er frå heile verda. Eg kjenner ikkje på at eg er noko «kjent», seier 24-åringen.

På brukaren legg ho ut vloggar og bileteseriar. Det er særleg innhaldet om havet som får mange visningar.

– Eg trur dei fleste følgjer meg på grunn av desse snorklevideoane og videoane frå havet. Folk er veldig interessert i havet.

Ho delar også motivasjonsvideoar.

– Små klipp om alt me har opplevd for å vise at viss me klarar det, så klarar dei også det. Folk blir veldig motivert, og dei sender det til vennene sine som gjer at videoen blir «boosta».

– Du får veldig mange meldingar av folk som seier dei skal reise etter å ha sett videoane dine, og spør om tips, seier Kverne.

– Eg får hundrevis av meldingar frå både norske og utanlandske, kor dei spør om tips, og takkar for at dei blir motiverte til å reise. Det er veldig kjekt.

@runaaasheim I’ll be last in the rat race, but i will forever be chasing my dreams🌎 #travel #travelinyourtwenties #traveltheworld ♬ Dream life – Nurtugan Dairbek

Aasheim følar eit stort ansvar og er påpasseleg på kva ho skriv og legg ut på appen. Sjølv om ho nesten berre får positiv respons, ser ho også andre typar kommentarar.

– Det er sjølvsagt alltid nokre nettroll som kjem med dei typiske kommentarane: «daddy’s money», «du er berre rik», «det er sikkert kjærasten din som har betalt alt». Eg ser det spesielt hos andre unge jenter som reiser. Men det er same gamle vanlege, så det er ikkje noko eg tek særleg innover meg. 

Nesten alt går til reising

Kjærasteparet har vore opptekne av å ta bilete heile vegen, og brukar mykje av tida si på å dokumentere reisene. Dei har også investert i meir ordentleg kamerautstyr. Likevel påpeikar dei at det framleis er mest for hobby.

– Me veit jo ikkje heilt kva me held på med, me berre tar bilete me, ler dei.

Dei legg ikkje skjul på at det går mykje pengar til reising, og det er ikkje med «daddy`s money», slik nokre kommentarar på TikTok påstår. Nesten alle inntektene deira går til reising.

Shopping er noko av det dei har kutta ut. Begge to fortel at dei berre kjøper nye ting når dei verkeleg treng det.

– Det var eigentleg det som gjorde at me kunne spara så mykje då me budde i Oslo. Det er jo litt sånn kultur når ein bur i by at ein går og kjøper nye kler når ein til dømes skal ut, men det måtte eg berre legge heilt frå meg, fortel Aasheim.

Då dei flytta heim frå Oslo busette dei seg i kjellaren til Aasheim sine besteforeldre for å kunne spare pengar.

– Då me budde i Oslo gjekk nesten heile løna i mat etter me hadde betalt leige. Me bruker vel det me kan på reising, utanom at me set litt til sides for framtida, og sparing til den gong me treng å kjøpa ein bustad. Så den største biten av kaka går til reising, forklarar Kverne.

Reisinga krev mykje jobbing. Både Aasheim og Kverne har jobbar som kan kombinerast med interessa.

Ho jobbar som assistent i bustad for psykisk utviklingshemma, medan han jobbar rotasjon som elektrikar. Det gjer at dei begge kan ta ekstra vakter, og har mogelegheit til å ta seg fri når det trengst. 

Det er mykje som må ofrast for å kunne dekkje reiselysta deira.

– Det kan kanskje høyrest litt teit ut, men medan alle venene våre kjøper seg leilegheit, og stig i den stigen, så sit me i ein gammal kjellarleilegheit som ikkje er så moderne. Men det gjer ikkje noko for oss, for det er sånn me vil leve, seier Aasheim.

– Det er ikkje livet for oss

Paret opplever at det er eit stort fokus på å få seg ein god jobb, tene mest mogeleg pengar, kjøpe bustad og liknande så fort som mogeleg. Det trur dei kan kome frå foreldregenerasjonen, som er lærd opp til at det er sånn det skal vere. Men Aasheim og Kverne vil bruke 20-åra sine annleis.

– Me har eigentleg berre funne ut at me ikkje kan vente til me er pensjonistar til å svømme med blåkval i Sri Lanka. Me veit ikkje kor lenge me lever, og om me kjem til å vere friske. Me har funne ut at det er no livet skjer, og viss me ikkje gjer det no, så kjem me nok aldri til å tørre å gjere det.

Dei har likevel vore inne på å kjøpe seg bustad. Då dei flytta tilbake til Stord var dei i bodkrig og tapte på ei leilegheit.

– Det var noko som berre sa inne i meg, «Herregud, kva er det du driv med?». Dette er jo ikkje noko me har lyst til, det gjer me fordi me har blitt fortalt at det er lurt. Men det er ikkje livet for oss, seier Aasheim.

Ein mann som vassar i sjøen.
Kverne og Aasheim ofrar mykje for å kunne dekkje reiselysta. | Foto: Privat

Vil reise overalt

Reise er altså ikkje noko kjærasteparet planlegg å leggje på hylla med det første. Neste destinasjon er Filippinane i mars, og mot sommaren venter deira første tur til Mellom-Amerika. 

– Eg fekk nettopp eit samarbeid som går ut på at me skal reise til Colombia, og eg skal hoste turen gjennom eit reiseselskap mot at eg legg det ut på TikTok. Då er det ti stykk som kan melde seg på ein guida tur. Eg føler at det går i rett retning no, det «ballar på seg», ler Aasheim.

Draumedestinasjonen deira ligg likevel over 8500 kilometer vest for Colombia, midt i Stillehavet. 

– Den store draumen er Fransk Polynesia. Der kan me svømme med knølkval, piggrokker og haiar, og gjere alt det som me liker. Men det kostar veldig mykje pengar, så det er ein litt større destinasjon som me må spare lenger til, fortel ho.