Lagar film om nettforum: – Veldig mykje omsorg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho lagar film om korleis me snakkar med kvarandre på nettforum og kor viktig slike forum er for mange.

– Eg synest folk snakkar mykje meir ærleg på nettforum – både på godt og vondt – enn i alle fall folk rundt meg snakkar. Det er på ein måte eit rom utan filter, utdjupar Bråtveit.

I desse dagar er ho i ferd med å ferdigstilla manus til kortfilmen «Kan noen fortelle meg at alt kommer til å gå bra». Filmskaparen omtalar filmen som ein hybridfilm som byggjer på reelle samtalar på nettet, og som blir sett i scene og spelt ut som samtalar i det verkelege livet.

Ho strekar likevel under at ho ikkje lagar filmen åleine og at det ikkje hadde blitt nokon film utan Turid Rogne og produksjonsselskapet Aldeles AS. Saman arbeider dei no for å finansiera produksjonen. Filmen har alt frå støtte frå Filmkraft, Vestnorsk Filmsenter og Fritt Ord.

Fascinert av folk

Sjølv er Bråtveit utdanna dokumentarfilmskapar og har allereie laga fleire prislønte filmar. At 32-åringen frå Suldal skulle bli filmskapar var likevel ikkje sjølvsagt.

– Det var veldig lite film i oppveksten min. Me hadde ikkje kino, berre NRK på fjernsynet og fekk VHS-spelar når andre fekk DVD-spelar.

FACINERT AV FOLK: Filmskapar Siri Bråtveit er særleg oppteken av korleis me lever saman og samhandlar med kvarandre.
Foto: Beate Haugtrø / NPK

Interessa for film vakna tredje året på vidaregåande, då ho laga den første filmen sin.

– Filmen handlar om mormora mi som blei dement. Då oppdaga eg filmmediet og kor kraftfullt det var.

I dag driv 32-åringen sitt eige produksjonsselskap i heimkommunen der ho arbeider med podkast og film. Det meste av det ho arbeider med dreier seg om folk, korleis me lever saman, oppfører oss og samhandlar med kvarandre.

– Særleg fascinert er eg av all dobbelkommunikasjonen me held på med – at me seier ein ting, mens kroppane våre ofte avslører at me meiner noko heilt anna. Og alt det me kommuniserer når me ikkje seier noko i det heile.

Saman og åleine

Filmen ho arbeider med no, byggjer på samtaletrådar frå kvinneguiden.no, som er Noregs største nettforum med rundt 100.000 brukarar. Sjølv om mange av brukarane er anonyme, har Bråtveit inntrykk av at spennvidda blant dei som skriv inn er stor.

Filmskapar Siri Bråtveit har latt seg fascinere av meinings- og kunnskapsutvekslinga på chatteforumet Kvinneguiden. Skjermdump: Kvinneguiden

– Forumet har tilsynelatande brukarar i alle aldrar, både kvinner og menn frå ulike samfunnslag. Eg føler difor forumet gjev eit ganske fint bilete av det norske folk og kva dei eigentleg går rundt og tenkjer og lurer på.

– Kva er hovudfunna dine etter å ha studert innlegga og kommentarane i forumet?

– Det er vel at me alle er litt einsame på kvar våre vis. Me har alle behov for å bli anerkjent. Samtidig kan det vera ein del ting me ikkje har lyst å fortelja til dei nærmaste. På same tid har ein kanskje behov for å ytra det eller få ei slags anerkjenning andre plassar, seier Bråtveit.

Ho fortel at mange av dei som skriv inn til forumet har både familiar og nettverk, men at forumet blir ein plass der folk kan få ut det dei ikkje vil eller kan snakka høgt om til andre.

Bråtveit legg til at motivasjonen for å bruka nettforumet likevel kan variera mykje. Blant brukarane finn ein ifylgje filmskaparen alt frå dei som ikkje har nokon å snakka med, til dei som berre brukar forumet som tidsfordriv eller som har blitt så avhengige at dei må ha aksept frå forumet til nesten alt dei skal gjera.

– Eg tenkjer at folk og dyr og verda er ganske spennande viss du berre zoomar inn på visse ting og tek deg tid. Du treng ikkje dikta opp så mykje, seier filmskapar Siri Bråtveit Foto: Beate Haugtrø / NPK

Vanskelege tema

Tema om relasjonar er ifylgje Bråtveit noko som går att i samtalane på kvinneguiden.no.

– Det handlar både om forholdet til familien, til partnarar og til andre ting som er vanskeleg å snakka om. Samtalane kan i grunnen dreia seg om alt mellom himmel og jord. Ikkje minst er det mange eksistensielle spørsmål og ting som er ekstra vanskeleg som blir drøfta.

Det som har gjort mest inntrykk på henne er når folk i djup livskrise har blitt fanga opp og fått hjelp gjennom forumet. Av og til kan det ifylgje Bråtveit stå mellom liv og død.

Bråtveit trur difor slike nettforum har ein viktig verdi både for dei som skriv inn og for dei som les innlegga. Sjølv synest ho det har vore veldig lærerikt. Ved å gje ytringane ein kropp og eit ansikt, håpar ho at det skal vera lettare for folk å leva seg inn i samtalane og skapa større forståing for andre menneske.

Dersom alt går etter planen, får filmen premiere hausten 2021 eller våren 2022.

The Ikorodu Bois – frå venstre Fawas Aina, Muiz Sanni og Malik Sanni. Foto: The Ikorodu Bois/Instagram