Snart kan du låne filmar frå biblioteket – rett frå sofaen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Strøymetenesta blir lansert i april og vil innehalde rundt 200 norske og internasjonale spelefilmar for vaksne og barn, skriv NRK.

48 timars utlån

– Viss biblioteket ditt er med i ordninga, treng du berre internett og lånekort. Så kan du låne filmen i 48 timar, seier dagleg leiar Anders Koppang-Grønn i Norgesfilm.

Deichman i Oslo, biblioteket for nye Stor-Stavanger og Lindesnes bibliotek har førebels signert avtale med strøymetenesta «Filmoteket». Biblioteka i Bergen og Kristiansand vurderer å følgje etter.

Biblioteka betaler 25 kroner per film som blir lånt til dei som har film- og musikkrettane.

Vil ikkje konkurrere med Netflix

– Vi skal ikkje konkurrere med Netflix og andre store kommersielle aktørar, men vere eit supplement. Tenesta må reflektere mandatet til biblioteka. Det skal vere kvalitetsfilm som kan nå eit breitt publikum, seier han.

Her er nokre av dei norske filmane kan du snart låna heimefrå:

  • Børning (2014, regi Hallvard Bræin)
  • Børning 2 (2016, regi Hallvard Bræin)
  • De tøffeste gutta (2013, Christian Lo)
  • Dyrene i Hakkebakkeskogen (2016, regi Rasmus A. Sivertsen)
  • Factotum (2005, regi Bent Hamer)
  • Jeg er din (2013, regi Iram Haq)
  • Jørgen + Anne = sant (2010, regi Anne Sewitsky)
  • Karsten og Petra-filmane (2013 – 2017)
  • Kule kidz gråter ikke (2013, regi Katarina Launing)
  • Salmer fra kjøkkenet (2003, regi Bent Hamer)
  • Thelma (2017, regi Joachim Trier)
  • Varg Veum – Kalde hjerter (2012, regi Trond Espen Seim)
  • Victoria (2013, regi Torun Lian)

Her er nokre av dei internasjonale filmane kan du snart låna heimefrå:

  • 12 Years a slave (2013, regi Steve McQueen)
  • A serious Man (2009, regi Ethan og Joel Coen)
  • Jane Eyre (2011, regi Cary Fukunaga)
  • Kongens tale (2010, regi Tom Hooper)
  • Madame Bovary (2015, regi Sophie Barthes)
  • Operasjon Mørkemann (2017, regi Grethe Bøe-Waal)
  • Paddington 1 og 2 (2014 og 2017, regi Paul King)
  • Pippi (5 deler, 1968, regi Olle Hellbom)
  • Polanskis Skyggen (2010, regi Roman Polanski)
  • Saras Nøkkel (2010, regi Gilles Paquet-Brenner)
  • Sin City (2005, regi Robert Rodriguez og Frank Miller)
  • The Imitation Game (2014, regi Morten Tyldum)
  • Wallander: Cellisten (2009, regi Stephan Apelgren)

Dokumentarfilmar du snart kan låne:

  • Capitalism: A love Story (2009, regi Michael Moore)
  • Fahrenheit 11/9 2018, regi Michael Moore)
  • Pøbler (2015, regi Kari Anne Moe)
  • Winnerbäck – et slags liv (2017, regi Øystein Karlsen)

Kjelde: Norgesfilm via NRK