Desse tre gutane gjenskapar Hollywood-filmar – no vert dei hylla verda over

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nigerianske Ikorodu Bois har teke verda med storm med sine kreative gjenskapingar av dyre musikkvideoar og storslegne Hollywood-trailarar.

Dei to brørne Muiz (15) og Malik Sanni (10) og søskenbarnet Fawas Aina (13) leverer like episke filmaugeblikk som Marvel-skodespelar Chris Hemsworth, og no vert det lagt merke til.

Inviterte på Hollywood-premiere

Etter at dei tre skodespelarspirane delte gjenskapinga av Netflix-filmen Extraction på Twitter vart klippet sett av filmskaparbrørne Anthony og Joseph Russo, som også har produsert filmen.

Dei rosa Ikorodu Bois for det imponerande arbeidet, og inviterte dei like greitt til Hollywood-premieren til den komande oppfølgjarfilmen:

– Dette ville vore ein draum som vart verkeleg, og dette er dagen vi har venta på heile livet, svara Ikorodu Bois på Twitter.

Dei tre gutane har henta artistnamnet sitt frå heimstaden – dei bur nemleg i nabolaget Ikorodu i Lagos, Nigeria.

Grenselaus kreativitet

Bak kameraet står storebroren til Muiz og Malik, 23-åringen Babatunde Sanni.

Til CNN fortel Sanni at dei brukar alt frå 90 minutt til fleire veker på å lage dei mange videoklippa sine. Extraction-klippet tok ein heil månad å lage, då dei gjerne spelar inn same klippet fleire gongar for best mogeleg resultat.

Dei brukar berre pengar på rekvisittar om dei kan nyttast fleire gongar, og løyser heller utstyrsutfordringane på meir kreative måtar.

Luksusbilar vert bytt ut med ei trillebåre, dramatiske titlar som blinkar i filmsnuttar vert bytt ut med tusjskrift på papplater og bilkøar vert gjenskapte med leikebilar.

Dersom dei treng ein ekstra skodespelar eller to, så spør dei andre familiemedlemmar eller naboar.

– Vi vil få folk til å forstå at der ikkje er noko grense for kreativiteten, seier Sanni til CNN.

Til no har Ikorodu Bois samla heile 809.000 følgarar på Instagram og over 115.000 følgjarar på Twitter.

Klippet har heller ikkje gått hovudrolla i Extraction hus forbi. Chris Hemsworth delte klippet på Instagram-profilen sin og lovorda sat laust:

– Eg trur dykkar versjon kanskje er betre enn originalen, skreiv Hemsworth.

 

View this post on Instagram

 

This is GENIUS @ikorodu_bois!!

A post shared by Will Smith (@willsmith) on