Utgreiing av «homoterapi»-forbod lèt vente på seg

Eit forbod mot homoterapi skulle vore ferdig greidd ut i vår, men utgreiinga er ikkje klar. Likestillingsminister Abid Raja (V) seier saka er vanskeleg.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Konverteringsterapi, og eit eventuelt forbod mot dette, reiser mange og vanskelege juridiske problemstillingar. Det er få land som har eigne forbod mot dette, og det er derfor få stader å hente erfaringar frå, skriv Raja i eit svar til Stortinget.

Les også: På to døgn har over 80.000 skrive under på oppropet «Nei til homoterapi»

Kristoffer Dragesæt (30) er overvelda over responsen på underskriftskampanjen han initierte for å seia nei til såkalla homoterapi. Foto: Privat/Skjermdum

Stortingsrepresentant for Ap, Anette Trettebergstuen, sit i Familie- og kulturkomiteen. Foto: Stortinget

Trettebergstuen: – Kva skjer?

Anette Trettebergstuen frå Arbeidarpartiet peikar på at regjeringa tidlegare har sagt at utgreiinga skulle vere ferdig tidleg i vår.

– Kva skjer? lyder det korte spørsmålet hennar til statsråden.

– Til liks med mykje anna arbeid som går føre seg, har covid-19 dessverre ført til forseinkingar òg i dette arbeidet. På det noverande tidspunktet er det derfor vanskeleg å anslå når utgreiingsarbeidet kan ferdigstillast, svarer Raja.

Les også: Fpu-leiaren om «homoterapi»: – Må vere lov å vere trist homo

Ikkje fleirtal for forbod

Konverteringsterapi, eller homoterapi, har som mål å endre den seksuelle orienteringa til menneske og er knytt til nokre religiøse miljø.

Ap og MDG foreslo i fjor haust eit forbod mot praksisen, men fekk ikkje fleirtal på Stortinget. I staden vart regjeringa beden om å greie ut saka.

– Det personlege og politiske synet mitt er at religionsfridommen ikkje bør gi rett til å påføre andre skam og skuldkjensle, og at fridommen til den enkelte ikkje kan avgrensast av den religiøse moralen til andre. Det er likevel lettare å fordømme dette frå ein personleg og politisk ståstad. Det er dermed ikkje einstydande med at det er enkelt å forby alle slike handlingar, skriv Raja.

Les også: Tyskland vil forby «homoterapi» for barn: – Ingen skal bli leia til å tru at du kan kurere homoseksualitet

I 2018 lanserte Lucas Hawrylak (midten) eit opprop for eit tysk forbod mot homoterapi. Han jublar over det tyske lovforslaget, men meiner det kan bli betre. Foto: Twitterhttps://framtida.no/2019/11/13/tyskland-vil-forby-homoterapi-for-barn-ingen-skal-bli-leia-til-a-tru-at-du-kan-helbreda-homoseksualitet