Innreisestans skaper trøbbel for norske studentar ved universitet i USA

Med det nye innreiseforbodet for studentar til USA fryktar ANSA at studiekvardagen til nordmenn som studerer ved amerikanske universitet, blir snudd på hovudet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

President Hanna Flood i ANSA er redd for at uvisse rundt studiar og tidssoner skal gjere kvardagen til norske studentar i USA krevjande.

– Det er jo ei utfordring særleg for studentar på til dømes Vestkysten, som har ni timar tidsforskjell frå Noreg. Der har vi mange norske studentar, og her kan dei oppleve ein svært ugunstig timeplan når studiane må gå frå Noreg, seier Flood.

ANSA: – Mange nordmenn allereie heime

Ho fortel at dei fleste studentane ho har snakka med, allereie har kome heim frå USA, og er glad for at norske styresmakter har vist forståing for den uvanlege situasjonen som mange utanlandsstudentar no står overfor.

– Vi er glade for at Lånekassen og Kunnskapsdepartementet har gjort det enkelt å tilpasse seg situasjonen. Det er mange som no kan takke ja til studieplass dei har fått i utlandet, og så kan studentane heller reise til studiestaden så fort det lèt seg gjere, seier Flood.

Hanna Flood er president i ANSA, organisasjonen for norske studentar i utlandet. Foto: ANSA

Lånekassen stadfestar overfor NTB i ein e-post at dei vil vidareføre unntaksreglane frå vårsemesteret til hausten 2020 òg. Unntaket har gitt studentar rett til lån og stipend sjølv om dei ikkje oppheld seg ved studiestaden.

Regelendring kan ramme fleire hundre nordmenn

Måndag kunngjorde amerikanske immigrasjonsstyresmakta ICE ei regelendring for opphaldsløyvet til utanlandsstudentar ved amerikanske utdanningsinstitusjonar for komande semester.

Studentar får ikkje lov til å bli eller kome inn i landet dersom undervisninga på studiestaden berre er nettbasert.

I 2019 gjekk det 1988 norske studentar på ulike undervisningsinstitusjonar i USA. NRK skriv at fleire hundre av desse kan bli ramma av dei nye reglane.

Kjende universitet som Harvard og Berkley har allereie stadfesta at dei vil gjennomføre digital fjernundervisning. Sistnemnde er det mest populære universitetet i USA blant norske studentar.

Les også: NTNU avlyser all utveksling til hausten