Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har lenge vore vanskeleg for norske parti å få unge politikarar til å stille høgt på listene, men det ser ut til at dei har lykkast rimeleg bra i år, seier Johannes Bergh, forskar ved Institutt for samfunnsforsking, til NRK.

Johannes Bergh er forskar II ved Institutt for samfunnsforsking. Pressebilete.

Undersøkingar frå Institutt for samfunnsforsking viser at kring 20 prosent  av toppkandidatane til årets lokalval er under 40 år.

Bergh er overraska over det høge talet.

6684 kandidatar under 30 år

Tal frå SSB viser at det òg er rekordmange under 30 år som stiller til val i kommune- og bystyre over heile landet.

Då vallistene var klare i juni kunne Framtida.no fortelja at det var heile 6684 kandidatar under 30 år til kommunevalet.

Størst andel unge er det på listene til Raudt (14,7 %), Miljøpartiet Dei Grøne (14,5 %) og Senterpartiet (14,1%).

Les meir: – Eg gjer ikkje dette for å vinne valet, men for å redde kloden

Yngste ordførarkandidaten i landet

Men lokalpolitikken er framleis ein mannsbastion. I berre 10 av dei 356 kommunane i landet er det fleire kvinner enn menn blant kandidatane til årets kommuneval, viser ein gejnnomgong frå NTB.

Tidlegare denne månaden intervjua Framtida.no Nilofar Nori (18). Ho er ordførarkanditat frå SV i heimkommunen Hadsel, og er med dette den yngste ordførarkandidaten i landet.

Ho engasjerte seg i lokalpolitikken fordi ho ikkje følte seg ikkje representert.

– Målet mitt er å få ei stemme som ein ungdom, som ein minoritet og som ei kvinne. Dette er tre underrepresenterte grupper, og eg er medlem i dei alle, seier Nilofar Nori på telefon til Framtida.no.

Les meir: – Sidan eg vart med i politikken har eg utvikla meg, ikkje berre politisk, men også personleg. 

Rode Hegstad smiler

Rode Hegstad er styreleiar i LNU. Foto: Lena Rutan Fidjestad / LNU

Underrepresenterte i kommunestyra

– Det høyrest veldig bra ut at partia prioriterer unge på listene ved kommunevalet. Me ser at unge under 30 år er underrepresentert i kommunestyra i dag, sa Rode Hegstad, styreleiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) til Framtida.no i juni.

Til hausten startar dei ein kampanje for å få fleire unge til å bruka stemmeretten og for å stemma fram unge kandidatar.

– Eg håpar me får endå fleire unge til å bruka stemmeretten sin til å stemma fram endå fleire unge, sa Hegstad til Framtida.no i juni.

Les også: Ann-Christine er 24 år og politisk nestleiar i Pensjonistpartiet på Askøy

Ann-Christine Mikkelsen (24) vil vere ei stemme for dei som står utanfor samfunnet. Foto: Privat