Prinsesse Ingrid Alexandra til Elvebakken vgs.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunikasjonssjef ved Det kongelege hoffet, Guri Ofstad Varpe, stadfestar overfor NTB at prinsesse Ingrid Alexandra skal gå studiespesialiserande linje på den populære skulen, der inntakskravet er minimum 52,3 poeng for skuleåret 2020/2021.

– Prinsessa ønskjer å gå på ein skule i Oslo, og valet fall på Elvebakken vidaregåande skule. Prinsessa søkte og fekk plass på ordinære vilkår, stadfestar Varpe overfor NTB.

Rektor: – Planlegg på lik linje som før

Det stadfestar òg rektor Camilla Hauren Leirvik, som gleder seg til å få ei prinsesse ved skulen.

– Eg håpar Ingrid Alexandra har valt oss fordi ho ser at ho vil treffe andre elevar frå andre skular, og at ho vil trivast både sosialt og fagleg, seier Leirvik.

Rektoren understrekar at Ingrid Alexandra ikkje vil få noka form for særbehandling i høve til andre elevar ved skulen.

– Vi planlegg skuleåret som normalt. Vi har ein god dialog med styresmaktene og slottet om korleis dei vil handtere tryggingssituasjonen rundt prinsessa, seier Leirvik.

Høgaste snitt i Oslo

Rektor trur ikkje det vil påverke skulemiljøet at dei no får ein framtidig tronarving som elev frå og med hausten.

– På Elvebakken har vi ein god skulekultur, der alle kan vere akkurat som dei er. Målet vårt er at dei som er elevar her, skal få ein god skulekvardag uansett bakgrunn.

Ifølgje Nordre Aker Budstikke var Elvebakken den vidaregåande skulen i Oslo med høgast inntakssnitt for studiespesialiserande linje med 52,3 som nedre poenggrense for inntak til Vg1. Gjennomsnittleg poengsum for ordinært inntekne søkjarar til Vg1 var òg høgast med 55,8 poeng.

Den norske prinsessa avslutta ungdomsskulen denne våren ved Uranienborg ungdomsskule i Oslo.

Frå 2014 til 2019 gjekk ho på Oslo internasjonale skule på Bekkestua, og før det gjekk ho frå 2010 til 2014 på Jansløkka skule i Asker.

Foto: Erna Solberg (regjeringen.no), Steinar Sagen (Foto: Eirik Helland Urke/Wikipedia), Kyrre “Kygo” Gørrvell-Dahll (Jordan Strauss/Invision/AP) Ingrid Alexandra (Lise Åserud / NTB scanpix POOL).