Nordmenn er meir skeptiske til turistar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Margrethe Helgebostad. Foto: Innovasjon Norge reiseliv

– Nordmenn er generelt positive til turisme, men det har vore ei endring det siste året. Det er fleire no som synest det er litt for mange turistar i Noreg. Viss vi ser på pressområda på Vestlandet, Lofoten og Svalbard, er endringa dramatisk på eitt år.

Det sa fagansvarleg analyse Margrethe Helgebostad i Innovasjon då ho presenterte nøkkeltal for reiselivsåret 2019 på eit pressetreff denne veka.

Medan 17 prosent av folk i pressområda i 2018 svarte at det var altfor mange turistar, var det i fjor 23 prosent som svarte det same. Samtidig er det ein stor nedgang i kor mange som meiner at talet på turistar i pressområda er akkurat passeleg.

Større skepsis til gruppeturistar

Undersøkinga viser at folk i pressområda har blitt meir skeptiske til alle typar turistar. Cruiseturistane kjem dårlegast ut både i fjor og året før. Men skepsisen mot gruppeturistar i pressområda har blitt langt større det siste året. Det same gjeld oppfatninga av flyturistar.

Samtidig som turistskepsisen har auka i pressområda, er folk i desse områda meir klar over dei positive sidene ved turismen. Det siste året har det likevel vore ein nedgang i denne oppfatninga og ein tendens til at folk i større grad ser baksida av medaljen.

Tala viser elles at halvparten av den norske befolkninga generelt meiner talet på turistar er akkurat passeleg.

Er det for mange turistar i Noreg?

Er det for mange turistar i Noreg?

Ja, overalt! 19
Ja, men berre nokre stadar.17
Akkurat passeleg.17
Nei, her er plass til fleire9
Svar totalt: 62

 

Sommarturistar reagerer

Også mange utanlandske turistar som besøkjer Noreg om sommaren opplever at det er for mange turistar på stadane dei besøkjer. Særleg gjeld dette turistar som har besøkt Vestlandet og Oslo. Her opplevde over halvparten av dei spurde at plassane dei vitja var for fulle.

– Vi ser også at dei turistane som føler det er for mange turistar, er mindre nøgde med ferien i Noreg, sa Helgebostad.

Fleire kjem heile året

For å motverka overturisme er Innovasjon Noreg opptekne av å spreia turisttrafikken. Dei siste åra har det vore arbeidd målretta for å få til heilårsturisme. Resultata frå fjoråret viser at satsinga har gjeve resultat og at fleire turistar i fjor valde å reisa til Noreg utanom sommarsesongen.

Bente Bratland Holm er reiselivsdirektør i Innovasjon Noreg. Foto: Margunn Sundfjord / NPK

– At trafikken no blir spreidd ut over året i større grad enn før, er godt nytt for reiselivsnæringa, seier reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Innovasjon Noreg.

Dei fleste turistane kjem likevel framleis til Noreg i sommarmånadane frå mai til og med august. For å motverka overturisme vil selskapet difor leggja om profileringa av Noreg og arbeida endå meir målretta for å styra og spreia turisttrafikken.

– Vi ser at det kan byrja å bli ganske trongt enkelte plassar, men det er likevel ein myte at Noreg er fullt. Det er 50 prosent ledig kapasitet i Noreg på årsbasis, seier reiselivsdirektøren.

Adventfjorden på Svalbard frys ikkje lenger til om vinteren. Foto: Bente Kjøllesdal