Logo Framtida Logo Meining
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
Send inn meiningsinnlegg
  • Identitet
  • Klima og miljø
  • Politikk og samfunn
  • Skrivekonkurranse
  • Utdanning
Send inn meiningsinnlegg
Portrettfoto av Mari Hansen: Privat/Bakgrunnsbilete: Unsplash.

Ofte er ikkje applaus og ei klapp på skuldra nok


Publisert 23.07.2020 16:07
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For ei tid sidan skreiv leiaren i ytringsfridomskommisjonen, Kjersti Løken Stavrum, eit innlegg i tidsskriftet Handikapnytt. Der ba ho organisasjonene til personar med nedsett funksjonsevne dra i gong debattar om stoda til ytringsfridomen for personar med nedsett funksjonsevne.

Kommisjonen har nemleg fått i oppgåve å granske ytringsfridomen sine kår i Noreg, og vil verte invitert inn i denne debatten.

Frå ytringsfridomskommisjonen sitt fyrste møte på nye Deichman Bjørvika. Kommisjonsleiar Kjersti Løken Stavrum og Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (V) står framanfor kommisjonen. Frå.v Nils Johan Hætta, Steinar Olsen, Bård Borch Michalsen, Mímir Kristjánsson, Shabana Rehman, Ragna Aarli, Anki Gerhardsen, Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid fra Karpe, Bente Kalsnes (kvit jakke), Jan Inge Sørbø, Vebjørn Selbekk, Sarah Zahid, Kjetil Rolnes og Adele Matheson Mestad.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Ein minoritet i samfunnet

I mandatet til kommisjonen står personar med nedsett funksjonsevne nemnd særskilt, saman med til dømes eldre, born og unge og minoritetar.

Ekskluderinga av personar med funksjonsvariasjonar viser teikn på diskriminering.

Likestillingsministeren har fått kritikk for at det ikkje er nokon med nedsett funksjonsevne som deltek direkte i kommisjonen. Ekskluderinga av personar med funksjonsvariasjonar viser teikn på diskriminering.

Personar med nedsett funksjonsevne er forøvrig ein minoritet i samfunnet i seg sjølv. Handikapforbundet har tidlegare uttalt at dei ser stor diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne i samfunnet. Basert på denne informasjonen tyder det, slik eg ser det, at det er naudsynt med gode arenaer for debatt. Større informasjonsgrunnlag kan nemleg føre til mindre diskriminering.

Les også: Handlingsplan for funksjonshemma får kritikk: – Tomprat

Stereotypisk framstilling

Forbundsleiar Tove Linnea Brandvik i Handikapforbundet meiner Stavrum si oppmoding om å lyfte ytringsfridomen er interessant, ifylgje Handikapnytt.

«Det er flott om ein gjennom samtalar kan ta ned nokre myter og løfte nokre problemstillingar,» meiner Brandvik.

Forbundsleiar i Handikapforbundet, Tove Linnea Brandvik. Foto: Handikapforbundet

I tidsskriftet fortel ho om dei stereotypiske framstillingane av personar med nedsett funksjonsevne. Ho meiner at dei gongane mikrofonane vert vendt mot oss, er det visse forventningar om kva rolle personar med nedsett funksjonsevne skal ha.

Me skal gjerne vere i svake offeroller, eller inspirere. Brandvik meiner at når sakene som personar med nedsett funksjonsevne frontar ikkje passar inn under dei stereotypane, vert det inga sak.

Les også: «Dei som vert gløymde under Covid-19»

Klikksaker

Offerroller, sjuke og svake skapar blest og fleire klikk. Sakene får kjenslene i gong hjå lesaren, og lesaren går i kampmodus ut frå dei innlærde rollene personar med nedsett funksjonsevene skal ha. Men ofte er ikkje applaus og ei klapp på skuldra nok. Det er gjerne trong for agering, endring og tiltak.

Eg vil berra vera.

Heile det innlærde tankemønsteret samfunnet har gjeve oss må endrast. Brandvik meiner at det er få arenaer personar med nedsett funksjonsevne ikkje vil ha ei meining om, om dei berre slepp til på talarstolen. Det er eg og overtydd om.

Forrige gong eg var på byen, fortalde eg ein at eg hadde born. Han sa: «Så du kan laga born du og?» Det var som om at eg høyrde den lydlause applausen runge gjennom rommet. Eg vil ikkje leve på trygd (men eg må), eg vil jobbe, eg vil få jobb. Det er fint at folk heiar, men eg trur ikkje det vil skapa eit meir likestilt samfunn. Eg vil berre vera og at du lyttar. Berre då vil du sjå at me har mykje til felles. 

Redd for konsekvensane

No har det kome fram i ei undersøking at mange med nedsett funksjonsevne har lidd under koronakrisa, og at dei har ikkje fått den hjelpa og oppfølginga dei treng. Om personar med nedsett funskjonsevne ikkje vert høyrde i slike situasjonar, er eg redd for konsekvensane.

Eg trur me vil få ein sterkare ytringsfridom og eit meir likestillt samfunn om ein slepp alle til og lyttar meir. Då vil ein sjå at menneske er like og har dei same behova og draumane. Dei fleste vil bidra og har mange gode idear. Idear som samfunnet kan ha nytte av.

Les også: Leiar i Unge funksjonshemmede reagerer på at Mari måtte sitje åleine: – Ein funksjonsfrisk hadde ikkje godteke det

Illustrasjonsfoto frå konsert: Vishnu R Nair/Unsplash

Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Politikk og samfunn

«Det er ingen som påstår at dei sjuke vel sjølv om dei har lyst til å vera sjuke eller ikkje»

«Pride-flagget er ikkje eit politisk krav – det er eit signal om tryggleik»

Politikk og samfunn

«Kommentarfelta på TikTok, Facebook og andre sosiale medium har blitt ei slagmark»

Har Du Noko På Hjarta? – Skriv Di Meining
Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT