Foreslår reglar for bruk av sosiale medium i valkampen

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med utgangspunkt i at politikarar i stor grad brukar sosiale medium for å vinne fram hos veljarane, ønsker Teknologirådet ei endring i reglane for bruk av sosiale medium og internett fram mot stortingsvalet i 2021.

– Problemet med sosiale medium er at ein kan påverke og manipulere folk utan at dei får greie på det, seier direktør i Teknologirådet, Tore Tennøe, til NRK.

Teknologirådet ønsker at dei politiske partia fram mot valet i 2021 skal bli einige om felles spelereglar for politisk påverknad i sosiale medium og generelt på internett. Målet er at folk skal vere klar over det når dei opplever politisk reklame. Det melder NRK.

Les også: – Facebook og Google manipulerer til å dele personleg informasjon

Må vere opne på korleis dei bruker data

I dag legg Teknologirådet fram desse forslaga til regelverk, og presiserer at det er ein invitasjon til debatt:

  • Politiske parti må vere opne om korleis dei bruker data, og i tillegg merke annonsar på nett og i sosiale medium.
  • Partia bør avklare kva for data det er greitt å bruke for målretta politisk reklame.
  • Politisk reklame på nett og i sosiale medium bør bli lagra i eit arkiv, og det bør bli kontrollert (revidert).
  • Gå opp kva for ansvar dei internasjonale gigantane som Facebook og Google har.

Teknologirådet og Datatilsynet markerer i dag den internasjonale personverndagen med seminar og debatt. Der vil dei òg snakke om korleis granskingane av Cambridge Analytica og russisk innblanding i det amerikanske presidentvalet har gitt eit innblikk i korleis persondata blir brukt til politisk påverknad.

Les også: Unge har naiv forståing av instagram