Nynorskstipend til samtidsstev og kinesisk politikk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tusen takk, Noregs Mållag for Nynorskstipend! Stor glede! skriv Thea Hjelmeland på si Facebookside.

33-åringen frå Førde hausta strålande kritikkar for sitt førre album Kulla, som vart heidra med Spellemannspris for årets Indie/alternativ. Midt mellom engelske poplåter kjem eit norsk stev kalla Born.

No får Hjelmeland eit arbeidsstipend frå Noregs Mållag på 50.000 kroner. Stipendet skal musikaren nytta til arbeid med tekst til tilsvarande samtidsstev, noko ho skildrar som originale komposisjonar med moderne tekstar, i tradisjonelt folkemusikkformat.

Mållagsleiar Peder Lofnes Hauge (til venstre) koronahelser på Dag Inge Bøe i samband med tildelinga av nynorskstipendet. Foto: Jannica Luoto, Noregs Mållag

Kinesisk politikk på nynorsk

Også Dag Inge Bøe, som driv nettstaden kinesiskpolitikk.no har fått 50.000 kroner i nynorskstipend frå mållaget.

– Det er eitt visst spenn frå samtidsstev til kinesisk politikk, men dette viser berre at nynorsk er eit språk som passar til absolutt alt, seier Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding frå Noregs Mållag.

På kinesiskpolitikk.no kan du læra om kina på nynorsk. Skjermdump: kinesiskpolitikk.no

Midlane til nynorskstipenda kjem frå Kulturdepartementet. Stipenda vert gjevne til ei kvinne og ein mann for å hjelpe fram gode prosjekt som kan fremje nynorsk på alle samfunnsområde.

Mållagsleiaren gler seg stort til å høyre resultata til Hjelmeland og ser fram til å sjå meir nynorsk dekning av internasjonal politikk.

– Analysar og dekning av internasjonal politikk er som regel på engelsk eller bokmål, og det er meiningsfullt å vere med å bidra til at meir av dette politikkfeltet vert skrive på nynorsk, seier Hauge.

– Eg gjer alt sjølv: Er mitt eige plateselskap og manager, jobbar visuelt og lagar skisser til alle bilete og videoar, syr mine eigne kostyme, seier Thea Hjelmeland, no aktuell med tredjeplata «Kulla». Foto: Linn Stokkedal / Handout

– Eg gjer alt sjølv: Er mitt eige plateselskap og manager, jobbar visuelt og lagar skisser til alle bilete og videoar, syr mine eigne kostyme, seier Thea Hjelmeland, no aktuell med tredjeplata «Kulla». Foto: Linn Stokkedal / Handout